Ha ei retteleg fin påskehøgtid!

Søknadsfrist til høgare utdanning, demografiske endringar og det komande universitetet sin regionale, nasjonale og internasjonale innverknad er stikkord for årets påskehelsing.
Ved inngangen til påska vil eg ønskja kvar og ein fine dagar.

Det gjer eg med ein tekst der eg
  • minner om søknadsfrist til høgare utdanning (Sikkert tips: Høgskulen på Vestlandet)
  • skriv om dei demografiske endringane som i stadig større grad pregar Noreg, og
  • det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet sin regionale, nasjonale og internasjonale innverknad.
15. april er ordinær søknadsfrist for studiar som vert lyst ut gjennom Samordna opptak. Tips gjerne utdanningssøkande om Høgskulen på Vestlandet sitt sterke studietilbod og gode utdanningsmiljø. Me lovar å ta imot nye studentar på aller beste vis på våre campus i Bergen, i Førde, i Haugsund, i Sogndal og på Stord.
 
Demografiske endringar gjer søknaden til høgare utdanning særleg spanande og viktig. Ordet «demografi» har gresk opphav. Det er samansett av demos, folk, og grafein, skriva. Endinga -grafi tyder det «som er skrive eller teikna». Demografi er då studiet av eller læra om folkesetnaden sin samansetnad og utvikling. Viktige deler av det politiske ordskiftet i Noreg i 2023 har varige og store endringar i folkesetnaden som utgangspunkt. Sentralt i dette står at ein stadig større del av folkesetnaden vert eldre og dei grupper me vanlegvis reknar i arbeidsfør alder vert mindre.
 
Dette grunnleggjande skiftet i folkesetnaden er ikkje lenger framtid, det er eit utviklingstrekk som pregar 2023, det vil stadig sterkare forma resten av dette tiåret og også det etterfølgande. «Tid for handling» er den treffande tittelen på utgreiinga Helsepersonellkommisjonen la fram 2. februar.
 
Demografiske endringar pregar også økonomiske rammer og politiske føringar for høgare utdanning og forsking. Det skulle berre mangla. Universitet og høgskular er samfunnsinstitusjonar med eit særleg ansvar for å gjera seg nytte av og utvikla dei menneskelege talent og ressursar.
 
Både Langtidsplan for høgare utdanning og forsking 2023 – 2032 (Meld. St. 5 (2022 – 2023)) og Utsyn over kompetansebehovet i Norge (Meld. St. 14 (2022-2023) har auka forventingar til universitet og høgskular sitt bidrag til sosial, økonomisk og miljømessig utvikling. Samstundes vert det jamt understreka at det økonomiske handlingsrommet i statsbudsjetta vert mindre i åra som kjem.
 
Trass i demografisk utvikling og strammare økonomiske rammer; Høgskulen på Vestlandet, det komande Universitetet på Vestlandet, har særleg gode føresetnader for å lukkast i åra som står føre. Både langtidsplanen og utsynsmeldinga ber bod om at det trengst eit sterkt profesjons- og arbeidslivsretta universitet på Vestlandet. Våre fagmiljø og utdanningar er verdifulle for samfunnsutviklinga. Samstundes vil endringar i kompetansebehova i samfunnet rundt oss og i demografi måtta møtast med endringar i utdanningstilbod og forsking. Det fordrar medvitne prioriteringar og målretta arbeid. Våre tilsette og våre studentar gir grunnlaget for å få til gode endringar.
 
HVLs innverknad er særleg stor på Vestlandet. Det er her våre forskarar og lærarkrefter er tettast på, det er her storparten av våre kandidatar (over 3000 i året) går ut i og skapar arbeidslivet. Vår sosiale nyttefunksjon er særleg høg fordi me er ein fleircampus-institusjon. Fem campus sikrar at eit stort geografisk omland med folk, private verksemder, kommunar, fylke og stat, dreg nytte av vår verksemd. Dette sikrar også at vår regionale rolle har eit omfang og ein innverknad som gjer at HVL set spor nasjonalt.
 
Regional eller nasjonal innverknad; internasjonalt samarbeid og utveksling over landegrenser er ein føresetnad for vår kvalitet i både forsking og utdanning. Her har HVL teke gode steg dei seinare åra. Det er viktig for det universitetet me ønskjer å vera at me maktar å utvikla dei internasjonale sambanda vidare. Dette gir også store verdiar til Vestlandet, og me kan verkeleg yta godt på internasjonale arenaer.
 
I slutten av april har eg gleda av å delta på European University Association sin årskonferanse, denne gongen i Polen, ved Gdańsk University of Technology. Temaet for årets konferanse er av aller største interesse: «impact», altså universitet og høgskular sin innverknad for menneske og samfunn. Eg ser verkeleg fram til å læra av andre europeiske institusjonar sine satsingar og røynsler.
 
Sjølv er eg invitert til å halda ei innleiing om HVLs opplegg for Scholars at Risk, ordninga der høgskulen sidan 2017 har teke aktivt del i eit internasjonalt samarbeid for å sikra at forfølgde akademikarar kan halda fram med arbeidet sitt i ei trygg hamn. Ved målretta og systematisk arbeid kan HVL vera ei slik hamn.
 
Ha ei retteleg fin påskehøgtid!