
Viktig internasjonal fellesgrad
Masterstudiet er på heiltid og utgjer 120 studiepoeng. I 1. semester går undervisninga i Haugesund , medan 2. semester er i Emden/Leer. Etter første studieår vel ein profil, og valet bestemmer kvar ein fortset som student. Ved HVL kan ein velja profilen «maritime technology and management» og ved Hochschule Emden-Leer kan ein velja profilen «sustainable maritime operations».
Undervisninga er samlingsbasert, med tre til fem samlingar per semester. Studiet stiller store krav til sjølvstudium, og all undervisning er på engelsk.
Programmet har uteksaminert studentar frå Tyskland, Polen, Norge, Finland, Nederland, Brasil, India, Nepal, Spania, Pakistan, Nigeria, Kongo, Tyrkia og Egypt.
Samarbeidet mellom institusjonane har i alle år vore svært godt.
Ekstra kjekt i dag at ordførar Arne-Christian Mohn i Haugesund kommune inviterte våre gode samarbeidspartnarar frå Hochschule Emden-Leer til lunsj i Haugesund rådhus.