HVL-student Ruben Johnsen Davidsen i padleutstyr, framføre Sogndalselvi og campus Sogndal.

Elvepadling i Sogndalselvi

Sogndalselvi i haustsol, Sogndalselvi i haustregn. Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.

Sogndalselvi kan vera ein syngjande idyll, elva kan vera frådande villskap.
For 22 år gamle Ruben Johnsen Davidsen frå Dale i Vaksdal kommune er Sogndalselvi ein av dei viktigaste grunnane til at han valde Høgskulen på Vestlandet og Sogndal som studiestad.
Siste laurdagen i september møtte eg han på elvekanten iført fullt redningsutstyr og line, idet han saman med andre studentar i Sjøspretten gjennomførte studentleikar i elvepadling for både røynde padlarar og nybyrjarar.

Ruben: - Sogndalselvi er ei av landets aller beste padleelvar. Ulike deler av elva er fine kvar på sin måte. Dersom du er erfaren og dyktig kan du padla heilt frå Dalavatnet og ut i Sogndalsfjorden.

Kva med dagar der elva fløymer over av vatn?
- Då skal ein passa seg. Og deler av elva er då umogleg å padla trygt i. Men også slike dagar er det parti like under Dalavatnet der ein kan driva kontrollert med dette.

Når du ikkje er i elva, kva studerer du?
-Eg tek ein 3-årig bachelor i friluftsliv og er godt i gang med andre året. Fag- og studentmiljøet er heilt fantastisk.

Kva vil du arbeida med i framtida?
- Eg kan tenka meg å verta lærar av eit eller anna slag, eller kanskje skapa ei bedrift der elvepadling står sentralt. Men først og fremst tek eg livet litt som det kjem.

Greitt det, Ruben. Lukka til! Men lov meg at du er forsiktig!
- Takk, eg lovar!

sjospretten_elvepadling_sogndal.jpg
Sjøspretten arrangerte elvepadling i Sogndalselvi i september. Foto: Gunnar Yttri

sjospretten_elvepadling_sogndal3.jpgBileta er tekne med to vekers mellomrom, laurdag 24. september og fredag 7. oktober. Foto: Gunnar Yttri