Gje oss ei profesjonsmelding som gneistrar

Saman med mine rektor-kollegaer Hanne, Pia og Peer ved høvesvis Nord universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskolen i Innlandet har eg skrive ein tekst om dei akutte utfordringane profesjonsmeldinga er nøydd til å handtera.

Våren 2024 legg Kunnskapsdepartementet fram melding til Stortinget om profesjonsutdanningar i høgare utdanning.

Dette skjer i ein situasjon der rekrutteringa til utdanning i sjukepleie og til lærarutdanning (både grunnskulelærar og barnehage-lærar) er dramatisk svak. Det gir ein økonomisk vanskeleg situasjon ved fleire universitet og høgskular. For kommunar og helseføretak i heile Noreg er manglande tilgang på sjukepleiarar og lærarar eit trugsmål.

Me veit kva me snakkar om. Samla har våre fire institusjonar 27 studiestadar og nær 70 000 studentar. Saman utgjer me VINST-alliansen.

Lenke til teksten i Khrono