Innføring av studieavgift bryt med det viktige gratisprinsippet

Høgskulen på Vestlandet HVL går i mot innføring av studieavgift for studentar utanfor EU/EØS og Sveits. Me gjer framlegg om at innføringa vert utsett.
Innføringa bryt med det viktige gratisprinsippet. Ho vert gjort med eit tempo og ei framferd som skapar uvisse og dårlegare vilkår for tilreisande studentar, studentar Noreg både har interesse av og ansvar for å ta særleg godt i vare.
 
Om studieavgift likevel vert innført, må det skje på eit vis som gjer at nemnde studentar og velfungerande studieprogram ikkje vert skadelidande.

Høgskulen på Vestlandet har fire internasjonale masterprogram som vert råka:
I høve til samansetnad av studentgrupper på engelskspråklege studietilbod, er det om lag 70 prosent av studentane som kjem frå andre land enn EU/EØS og Sveits. Det er tale om låg- og mellominntektsland der me ikkje har utvekslingsavtalar.
 
Høgskulen på Vestlandet har konkrete framlegg til forbetringar av opplegget for innføring av studieavgift. Meir om dette kan du lesa om i HVLs utsegn til Høyringa «Studieavgift for studenter fra land utenfor EØS-området eller Sveits mm. – endringer i universitets- og høyskoleloven».