Gratulerer med 60 år, Norec!

Kjekt å delta på feiringa av Norec i Førde onsdag 29. november.

Norec har utvikla seg mykje gjennom desse åra, og har i dag eit viktig oppdrag med å gje menneske moglegheiter for jobb-utveksling og kunnskapsdeling mellom organisasjonar og bedrifter i Norge og Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Me ved Høgskulen på Vestlandet er glade for at vår bachelorgrad i sjukepleie fekk midlar frå Norec saman med eit universitet i Brasil. Prosjektet vil fokusere på kvinner si helse i svangerskapet, og ernæring for nyfødte barn.

Høgskulen på Vestlandet er også partnar i eit prosjekt koordinert av Høgskolen i Molde og eit universitet i Tanzania. Prosjekta har som mål å forbetre livskvaliteten for barn med funksjonsnedsetjingar.

Vårt samarbeid med Norec er i ein tidleg fase. Og som ein høgskule med om lag 17 000 studentar og 2000 tilsette, som mellom anna utdannar lærarar, ingeniørar, sjukepleiarar og jordmødrer, er det viktig å ta nye steg i dette samarbeidet.

I usikre tider som dei me står i nett no, gir det håp for framtida at menneske vil lære, studere, reise, få nye innsikter og dele kunnskap.

Gratulerer med 60 år, Norec!