Vertskommunemøte i Sunnfjord og Sogndal

Gjensidig oppdatering og informasjonsutveksling rundt viktige saker og satsingar er ramma for samarbeidet i vertkommunemøta.

Høgskulen på Vestlandet er inne i ei formidabel utvikling på fleire område. Men nedgangen i studenttalet på samfunnsberande utdanningar som grunnskulelærar, barnehagelærar og i sjukepleie, gir utfordringar for studentane, for livet på campus og for økonomien i høgskulen.

Rekrutteringssvikt til desse yrka trugar kommunar og helseføretak i heile Noreg.

Det er då eit stort gode å ha vertskommunar, student-tilltsvalde og studentsamskipnad å diskutera utfordringar og tiltak med. Samarbeid gjer sterk.


I Førde torsdag 22. februar møtte eg frå Sunnfjord kommune ordførar Jenny Følling, og kommunedirektør Terje Heggheim, frå studentane Jobjørn Røkenes Myren, Tobias Hersvik Ørnehaug og Sondre Langedal Ness, og frå Saman-direktør Monica Solheimsnes, og Hans Jakob Reite (samfunnskontakt i HVL og fotograf).


I Sogndal fredag 23. ferbuar møtte eg frå Sogndal kommune ordførar Stig Ove Ølmheim ot kommunalsjef Kenth-Rune Teigen Måren, frå studentane Mathias Havnen Tønnessen og Nils-Werner Strypet, frå Saman-direktør Monica Solheimsnes, og Tone Skjerdal (samfunnskontakt i HVL). Her var Rita Orrestad fotograf.