UH-nett Vest si leiarsamling

"Løysinga sit i denne salen", sa Sandra Borch, statsråd for forsking- og høgare utdanning, i det framsynte hovudinnlegget ho tysdag 10. oktober heldt på UH-nett Vest si leiarsamling på Solstrand Hotel.

Tittel for innlegget hennar var: "Noregs kunnskaps- og kompetansebehov fram mot 2040."

Det vart følgt opp med frisk politisk samtale mellom stortingsrepresentantar i utdannings- og forskingskomiteen, Kari-Anne Jønnes, Lise Selnes og Marit Knutsdatter Strand.

I to dagar er leiarar og student-leiarar frå Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Volda, NLA Bergen, VID vitenskapelige høgskole, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet samla om følgjande tema:

* Lærarutdanning
* AI og digital kompetanse
* Helse
* Livslang læring
* Studentfrivilligheit og studentlivet utanfor studiane - korleis påverkar det gjennomføring og progresjon.

Ein fin flokk bidragsytarar frå politikk og samfunnsliv gir kraft til diskusjonane.

Meir om UH-nett Vest