Helsing ved 50-årsjubileet til lærarutdanninga i Sogndal

Kjære vener av lærarutdanninga i Sogndal, kjære vener av Høgskulen på Vestlandet. Til lukka med 50-årsdagen!

Heilt innleiingsvis: Lat meg halda fram eit kjenneteikn ved studiestaden Sogndal som har vara ved i alle desse åra, og som må utviklast vidare for at studiestaden og Høgskulen på Vestlandet skal lukkast: Ein rekrutterer studentar frå eit langt større omland enn Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Heilt frå synfaringane rundt skuletunet på Fosshaugane i Sogndal tidleg i 1960-åra sto dette klart: Lærarutdanninga i dette området trengde å rekruttera frå eit langt større folketalsgrunnlag enn det som låg i Sogn og Fjordane. Slik var det, slik har det vore gjennom åra og slik er det i dag. Campus Sogndal rekrutterer nasjonalt og internasjonalt. Takk for alt arbeid som er lagt ned for å makta dette! Det er eit arbeid som vil halda fram og det er eit arbeid som Høgskulen på Vestlandet må og vil lukkast med.

samling_50årsjubileum_lærarutdanninga_sogndal.JPG

Når me no markerer 50 år er eg veldig nøgd med at fakultetet gjer dette på ambisiøst vis. Me markerer lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet høyrer til på og vil setja agenda på alle desse arenaene.

Ved inngangen til 1970-talet var det nær 50 000 studentar i Noreg. I 2022 har talet passert 300 000 med god margin.
I tillegg til at stadig fleire ungdommar har søkt seg til høgare utdanning, tek stadig fleire lengre utdanning. Mastergrad har vorte vanleg. Utviklinga i norsk lærarutdanning er eit kraftfullt døme. Fram til 1975 kunne ein student med examen artium (vidaregåande skule) vera ferdig utdanna lærar på to år. Ungdom utan vidaregåande skule kunne kvalifisera seg for læraryrket på fire år. I dag er den femårige grunnskulelærarutdanninga ei integrert masterutdanning som byggjer på vidaregåande skule. Utdanning har i tidsrommet vorte meir avgjerande for kvar unge menneske etablerer seg i arbeidslivet, buset seg og skapar liv for seg sjølv og andre.

Lærarutdanninga i Sogndal er i dag ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet. Fakultetet åleine tel 6000 studentar og 600 tilsette.

Høgskulen tel 17 500 studentar og over 1 800 tilsette. På same vis som satsing på og modernisering av lærarutdanning var opptakten til og drivaren i etablering av høgare utdanning i Sogndal og i Sogn og Fjordane i 1972, var satsing på og modernisering av lærarutdanning opptakten til og den viktigaste drivaren bak skipinga av Høgskulen på Vestlandet i 2017.

Den nye, større og sterkare faglege fellesskapen har gjort det mogleg å tilby den nye grunnskulelærarutdanninga i Bergen, på Stord, og i Sogndal, og også å skipa doktorgradsutdanning. Me dyrkar internasjonale samband og vinn fram i konkurransen om eksterne forskingsmidlar både i Noreg og i EU:
Lærarutdanninga på Vestlandet er stor i nasjonal målestokk. Me forsyner barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, kulturskular med fleire hundre nye kandidatar kvart år. I tillegg kjem aktiviteten innan etter- og vidareutdanning, kor me er store og i stadig utvikling.

Arkitekturen for moderne norsk høgare utdanning vart teikna av Ottosen-komiteen i siste halvdel av 1960-åra. I dei tiåra etter skipinga av Sogndal lærarskule har forventingane til høgare utdanningsinstitusjonar vorte endra, dette gjeld i Noreg og dette gjeld internasjonalt. 1980-åra baud på sterkare forventingar om forsking og tilhøyrande forskingsbaserte verksemder. I 1990-åra kom innovasjonsomgrepet. Satsing på innovasjon saman med førestillingar om globalisering og kunnskapssamfunn har vorte pregande for eit internasjonalisert ordskifte om utdanning og forsking dei tre første tiåra av 2000-talet. Trekantsamarbeidet, det sokalla «triple-helix» mellom utdannings- og forskingsinstitusjonar, arbeids- og næringsliv og offentlege styremakter er gjerne omtala som den gylne vegen til kunnskapsutvikling og innovasjon.

Universitets- og høgskulelova rammar inn dei nye forventingane. Samfunnsoppdraget er utvida: Høgskulen på Vestlandet skal utføra utdanning, forsking og fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid, på høgt internasjonalt nivå. Høgskulen skal bidra til innovasjon og verdiskaping og samarbeida med lokalt og regionalt samfunnsliv.
HVL spelar slik ei mangslungen regional rolle: Me tilbyr utdanning, forsking og nyskaping på høgt internasjonalt nivå.

Men me er også ein viktig arbeidsplass. Me utgjer ein stor etterspurnad etter varer og tenester der me er lokalisert. Me bidreg til produktivitet og innovasjonsevne. Me er ein magnet på andre verksemder, Me byggjer nettverk. Me byggjer kultur, Me gir regionen eit godt omdøme. Me styrkar regionen politisk.

Trass i omfattande gjeremål og mangslungen innverknad; dette bør ikkje løyna at kjernen i samfunnsoppdraget vårt er den same i 2022 som i 1972: å utdanna dugande kandidatar. Om offentlege utdanningsinstitusjonar ikkje lenger gjer seg flid med å utføra og utvikla dette, kan det verta fritt fram for andre aktørar. Og tilliten mellom det omkringliggjande samfunnet og den høgare utdanningsinstitusjonen kan forvitra. Denne tilliten er basis for universitet og høgskular sitt mangslunge verke, og som tryggjer institusjonell autonomi. Det er ein tillit me vil hegna om.

Høgskulen på Vestlandet med våre fire fakultet byggjer kunnskap og fagleg styrke på kryss og tvers av våre fem campus på Vestlandet: Haugesund, Førde og dei alt nemnde Bergen, Sogndal og Stord. Dette er mogleg gjennom samling rundt felles mål og med moderne samarbeidsformer og klok digitalisering. Det er denne fellesskapen som om ei tid vil realisera Universitetet på Vestlandet. Det vil vera eit universitet som fører vidare det beste i høgskuletradisjonen, samstundes som det vil auka kvaliteten i våre utdanningar, i vår forsking og i vårt samarbeid med arbeids- og samfunnsliv. Det vil vera eit samfunnsforplikta universitet med stort regionalt engasjement. Det vil vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet med stor innverknad.

Me lever i ei tid med krig og uro i Europa og internasjonale spenningar, og der kvardagen i Noreg ogso vert prega. Noregs utovervende økonomi og viktige rolle i energiforsyninga til Europa bidreg til dette. Hausten kjem til å verta prega av uro i økonomien og ein krevjande energisituasjon, og der styremaktene søkjer ta i bruk stabiliserande verkemiddel for å avhjelpa situasjonen på kort sikt.

I slike tider er det verd å minna om det djupt meiningsfulle i å arbeida ved Høgskulen på Vestlandet. Vårt arbeid med utdanning og forsking, vår formidling av kunnskap og vår evne til nyskaping, vår evne til samarbeid og samhandling med samfunns- og arbeidsliv, gjer ein skilnad for menneske og samfunn. Arbeidet vårt er vektig bidrag til berekraft og utvikling – sosialt og demokratisk, økonomisk og teknologisk, natur- og miljømessig.

Heilt til slutt. Ei særleg helsing til våre studentar: Vit dette: Framtida treng deg!

Det gode samfunnet treng arbeidsame og pliktoppfyllande studentar. Men folk og samfunn treng meir enn det.
Vårt demokratiske samfunn treng studentar som er kritiske,
studentar som står opp for viktige verdiar,
studentar som evnar å skjera gjennom propaganda og desinformasjon,
studentar som søkjer sanninga,
studentar som leitar etter dei beste løysingane,
studentar som dyrkar og utviklar samarbeid,
studentar som legg kunnskap og vitskaplege tenkemåtar til grunn for arbeid og argument,
studentar som i ulike situasjonar i livet og arbeidslivet rår over ei god dømmekraft.

Det er kvar og ein av dykk studentar som gjennom dykkar flid og dykkar tid kan gjera visjonen til Høgskulen på Vestlandet til røyndom:
Kunnskap som bygger menneske og samfunn.

Igjen: Til lukka med dagen alle saman og lukka til med godt arbeid for framtida!

volleyball_campus_sogndal.JPG