Nye steg i samarbeidet med NAV Vestland

Fredag 15. desember møtte eg Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, på campus Bergen. Overskrift for møtet: Korleis kan me styrka samarbeidet mellom NAV og Høgskulen på Vestlandet i 2024?

Det er mykje å byggja på. Me har alt eit godt og langvarig samarbeid og har sterke fellesinteresser knytt til utdanning, forsking og kunnskapsutvikling.

Nokre døme kan passa: HVL utdannar kvart år kandidatar som tek seg arbeid i NAV. Me har utdanningar og forsking som rettar seg mot barn, unge, oppvekst, utanforskap og sosiale utviklingsvilkår. Samstundes er det eit kjenneteikn ved samarbeidet at NAV har system, erfaringar og kunnskapsutvikling som HVL dreg nytte av inn i våre utdanningar og forsking.

Men møtet vårt handla altso om korleis me kan arbeida betre saman i 2024 og i åra som kjem. Det er utfordringar. Både NAV og HVL går inn i det nye året med strammare budsjett, men med forventingar om å levera stadig betre på samfunnsoppdraget. Då trengst det målretta satsing.

Inspirerande i denne samanhengen er regjeringa og Stortinget si prioritering av samfunnsoppdrag i langtidsplanen for høgare utdanning og forsking fram mot 2032.
Samfunnsoppdraga tek utgangspunkt i område som har høg prioritet og der forskingsbasert kunnskap og kompetanse er naudsynt for å nå konkrete mål. Inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv er peika ut som eitt av tre samfunnsoppdrag.

Smak litt på samfunnsoppdraget: Inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Det handlar om gode liv til einskildmenneske. Det handlar om gode samfunn. Det handlar om berekraft og vår felles framtid.

Inspirerande er det òg å snakka og planleggja saman med Anne. Hennar mangeårige røynsle og rike kunnskapar i arbeid for NAV i kombinasjon med eit utviklingsretta blikk, gjer det lettare å staka ut kursen vidare.

Eg ser fram til å styrka samarbeidet med NAV Vestland i 2024.