Petter Aasen fekk Kongens fortenestemedalje

Det var ei gleda å vera vitne til tildelinga på Hotell Sjømilitære Samfund i Horten onsdag 6. september.

Kongens fortenestemedalje er ei påskjøning av innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid. 

Sjølve tildelinga vart gjort av fungerande statsforvaltar i Vestfold og Telemark Fred-Ivar Syrstad. Tildelinga skjedde på tampen av seminaret «Trendar i høgare utdanning», eit avslutningsarrangement for rektor Petter Aasen. Petter sjølv hadde nok ønskt å gå stille ut bakdøra når han ved årsskiftet avsluttar si rektorgjerning, men arbeidsfellesskapen i USN ville det annleis. Seminaret var sett saman av ein serie høgaktuelle innlegg frå dugande folk Petter Aasen har samarbeida med opp gjennom åra og heilt fram til i dag. 

Det er tale om eit akademisk livsverk som strekkjer seg tilbake til midten av 1970-åra (Petter er fødd i 1952) og der Petter som lærar og forskar (professor i utdanningsvitskap), leiar og kollega har prega institusjonar som Universitetet i Trondheim, NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.

I heile tidsrommet har han vore aktivt publiserande forskar og han har vore tidsskriftsredaktør. Han har dertil leia ulike råd og utval regionalt, nasjonalt og internasjonalt, han har vore styreleiar, og han har vore offisiell rådgjevar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

På seminarprogrammet i Horten hadde fire logoar fått plass, logoane for Høgskolen i Vestfold, Høgskolen i Buskerud og Vestfold, Høgskolen i Sørøst-Norge og Universitetet i Sørøst-Norge. Det omfattar alle dei institusjonane som Petter sidan 2007 har vore rektor for. På seminaret kom det godt fram kor sterk regional innverknad desse institusjonane har hatt og kor aktivt dette har vorte utvikla under Petter sin leiarskap. Fleircampusinstitusjonen USN har ein høg innverknad i eit stort geografisk område og visjonen av i dag er ganske so treffande: Regionalt forankra, internasjonalt anerkjent. 

Rektorgjerninga til Petter tek slutt 31.12.2023. Men den aktive forskaren og samfunnsbyggjaren held fram. 

Til lukka, Petter, og lukka til vidare i all di ferd!