Klart for to studentval

I dei næraste oktoberdagane skal det haldast to viktige val blant studentane.

For det eine skal det veljast tillitsvalde til dei ulike institutta ved høgskulen. Desse vert studentane si røyst i saker som vedkjem fakulteta og kvart av campusane våre i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.

For det andre skal det veljast representantar till Studenttinget på Vestlandet, det øvste studentpolitiske organet ved HVL. Studenttinget tek i vare og fremjar studentane sine interesser i høgskulen.

Mobilisering må til.

For det trengst at studentane sjølv engasjerer seg og stiller til val. Det trengst eit val med høgast mogleg valdeltaking. Høgskulen vil leggja godt til rette.

Fristen for å stilla til val er sett til 18. oktober. Sjølve valet går føre seg frå 25. oktober til 1. november.

Godt val!