«Dø må vi alle før eller senere. Men vi har ikke levet forgjeves hvis vi har gjort vårt for å gjøre verden bedre og skjønnere»

Desse orda tilhøyrer Moritz Rabinowitz (1887 – 1942). Biografien om dette særmerkte mennesket er skriven av Arne Vestbø (Spartacus, 2011) og er veldokumentert og gripande lesnad.

Ungguten Rabinowitz kom til Noreg frå Polen i 1901 og etablerte seg etter kvart med klesforretning i Haugesund. Han var ein drivande dyktig handelsmann og nyskapande marknadsførar. I mellomkrigstida etablerte han klesforretningar langsmed heile sørvestlandskysten, heile tida med base i Haugesund der han ogso sette opp ein kledefabrikk.

Haugesundaren Rabinowitz var ein særs oppdatert og modig verdsborgar som over fleire år skreiv ein serie artiklar i lokal og nasjonal presse, gjerne med fokus på internasjonal politikk og utvikling. Han var ogso ein velgjerar som gjekk i brodden for å samla inn midlar til naudstilte nasjonalt og internasjonalt. Rabinowitz var tidleg ute med å åtvara offentleg mot den tyske utviklinga på 1930-talet, og var heilt frå 1933 ein skarp kritikar i norske aviser av nazi-regimet under Adolf Hitler.

Ved den tyske okkupasjonen av Noreg vart Rabinowitz som jøde og profilert systemkritikar ettersøkt. Han flykta, men ikkje ut av landet, og vart teken av nazistane i desember 1940. I april 1941 vart han ført til fangenskap og slavearbeid i Sachsenhausen, og døydde 27. februar 1942. Ingen i Rabinowitz sin vesle familie overlevde krigen.

Boka til Arne Vestbø gir ei omfattande framstilling av forretningsmannen Rabinowitz og hans samtid. Haugesund, byen som Rabinowitz vart so glad i, vert rikt portrettert. Boka er eit bidrag til forståinga av og kunnskapen om jødeforfølgingane og Holocaust si utfalding i Noreg.

20. september, på Moritz Rabinowitz sin fødselsdag, skipar gode krefter i Haugesund til Rabinowitz-seminaret for å heidra mannen og dei verdiar han stod for.

Høgskulen på Vestlandet HVL er takksam for å vera ein av fleire samarbeidspartar, Me ser fram til årets seminar.