Kunnskap som bygger menneske og samfunn

Retning og arbeidsgrunnlag for det nye Universitetet på Vestlandet er lagt for åra 2023 - 2030.
Styret for Høgskulen på Vestlandet HVL vedtok i dag, 24. november 2022 ny strategi, ein strategi for det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet, ein strategi for eit moderne og internasjonalt fleircampusuniversitetet, ein strategi for å styrka campusane og fellesskapa av studentar og tilsette i Bergen, på Stord, i Haugesund, i Førde og i Sogndal, ein strategi som styrkar utdanning, forsking og nyskaping, ein strategi for det nye universitetet si samhandling med folk, samfunn og verksemder.
 
Seks overordna mål er sett for det nye universitetet. Eg siterer:
  • Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet og er med på å forme samfunns- og arbeidslivet.
  • Dei profesjons- og arbeidslivsretta utdanningane våre skal dekkje framtidas kompetansebehov.
  • Ansvarleg innovasjon pregar samhandlinga vår med samfunns- og arbeidslivet.
  • Organisasjonen vår er kjenneteikna av at vi søkjer forbetring.
  • Vi er eit samskapande universitet med levande campusar som tek ei tydeleg regional rolle.
  • Vi deler kunnskap og deltek aktivt i samfunnsdebatten.
Strategi 2019 – 2023 er velbrukt og har tent HVL vel i dei første formande åra. Mitt eige eksemplar ber preg av hard og hyppig bruk. Det vert fint med avløysing. Men for dei av lesarane som tek på veg og er uroa; slapp av og gled dykk. Universitetet på Vestlandet og Strategi 2023 – 2030 vidarefører den sannsynlegvis finaste visjonen i Norden: «Kunnskap som bygger menneske og samfunn».