Trehundre og ein i talet

Dei første kandidatane frå den femårige grunnskulelærar-utdanninga, innført i 2017, er klare. 301 – trehundre og ein – av desse er utdanna ved Høgskulen på Vestlandet HVL, på Kronstad i Bergen, på Rommetveit på Stord og på Fosshaugane i Sogndal.

Takk for innsats og lukka til vidare!

Det same fell lett å seia til alle tilsette ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, og for so vidt til heile høgskulen.

Endringane som ligg til grunn for den nye lærarutdanninga er gjennomgripande og fordrar fagleg flid og dugleik i mange ledd, kan henda særleg tydeleg ved at alle dei 301 kandidatane har skrive, fått rettleiing og levert masteroppgåver.

Eg gler meg til framhaldet.

> Den nye generasjonen grunnskulelærarar er klare for arbeidslivet