
Statsråden vitja HVL og campus Bergen
Onsdag 7. september hadde Høgskulen på Vestlandet gleda av å ønska statsråd for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch, velkomen til campus Bergen. Det vart ein god samtale og me er glade for statsrådens engasjement for å bli kjend med sektoren.
Regjeringa arbeider med å få på plass styrka finansiering for fleircampusinstitusjonar. Det er ikkje beint fram, men me har forventingar.
Statsråden lytta til innspela våre om endringar i opptakskrava, slik at fleire får høve til å studera. Det trengs for å få nok og kvalifisert arbeidskraft til samfunnsberande yrke som lærar og sjukepleiar i åra som kjem.
Utvikling i vilkåra for studentane når det gjeld studentbustadar, studenthus, praksis og arbeidslivsrelevans sto også på dagsorden.
Det var gledeleg å høyra at statsråden ønskjer å vitja fleire av høgskulen sine campusar i tida som kjem. Me vil ta godt imot!