Kvinne som sitter på biblioteket

Nye opningstider for biblioteket ved HVL

Dette er so bra, dette er so viktig: Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet innfører opningstider som tek det gode tilbodet for alle studentar til nye høgder.

Måndag - fredag: 07.00 - 23.00
Laurdag - søndag: 08.00 - 18.00.

Ein ting er å halda eitt lite lokale ope og tilgjengeleg. Men desse rause opningstidene gjeld alle våre tipp-topp moderne bibliotek-lokalitetar på alle våre fem campus; i Bergen, i Førde, i Haugesund, på Stord og i Sogndal.

Det er berre å gle seg:
Biblioteket som inngangen til all verdas litteratur og databasar innanfor alle fagområde og disiplinar.
Biblioteket som læringsarena.
Biblioteket som staden der studenten kan arbeida sjølvstendig eller i grupper.
Biblioteket som staden for undring og nyfikne.
Biblioteket som staden der ein lærer seg kjeldekritikk og å identifisera det sannferdige og å avsløra propaganda.
Biblioteket som staden der ein kan finna tak i den beste tilgjengelege kunnskapen.
Biblioteket som staden for oppdaging.
Biblioteket som staden for kunnskapsbygging, åleine eller saman med andre.
Biblioteket som staden.

Mange har arbeidd mykje og vil halda fram med å arbeida for å få til desse rause opningstidene. Takk, HVL Biblioteket og alle som legg aktivt til rette!