Skrivefestival ei heil veke

6.-10. november var det skrivefestival i Høgskulen på Vestlandet.

Festivalen gjekk av stabelen på alle fem campus; i Bergen, i Haugesund, i Førde, i Sogndal og på Stord. Det var arrangement både fysisk og digitalt.
 
Studentar og tilsette var samla rundt eit program med sterke fagfolk frå våre eigne rekkjer og med gode gjester. Det er ein skrivefestival som styrkar både studentar og tilsette, ein festival med kort veg frå erfaringsdeling til eiga handling.

Biblioteket og skrivesenteret ved høgskulen var tilskipar.