Kunsten i Høgskulen på Vestlandet

Ved arbeidsdagar på dei ulike campusane til Høgskulen på Vestlandet, er det jamt interessant og inspirerande å sjå dei mange ulike kunstverka som prydar og pregar bygg og uteområde.

Dei siste dagane har det til dømes dukka opp nye verk og figurar på Kronstad, side om side med vel etablerte kunstverk. I 2020 kom Kunst i offentlege rom (KORO), staten sitt fagorgan, med eiga bok om Kunst på Campus Bergen.

Det siste året har me arbeidd med å skipa eit nettgalleri for kunsten vår og arbeidet går vidare i vinter. Snart er nær 300 verk registrert og fotografert. I galleriet kan ein søka på kunstverk med utgangspunkt i namn på kunstnar, kunstverk, bygg eller uteområde.

Parallelt med registrerings- og fotograferingsarbeidet vert ulike kunstgjenstandar i høgskulen kartlagt og sikra tryggare og meir verdige utstillingsvilkår.

Prosjektleiar er Haakon Georg Moe og han dreg vekslar på fleire bidragsytarar i høgskulen.

Ta gjerne ein kikk på nettgalleriet.

Og ver velkommen til verkeleg kunstsafari på våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.