Faddervakt i Bergen by

Faddervakt i Bergen by fredag kveld. Ein heil flokk stiller kveld etter kveld. Godt organisert av Sammen Bergen med Henrik Waage Tjore i brodden.

Ved Høgskulen på Vestlandet er eit eige fadderstyre i sving seint og tidleg. Kjekt å møta tre av dei saman med Henrik på Torgallmenningen. Lorena Alexandru som tek bachelor cyber engineering, tredje året. Helene Utvik som går grunnskulelærar 5-10, fjerde året og Gina Eilertsen, bachelor i sosialt arbeid, tredje året.

Eg er veldig glad for og imponert over studentar som lagar trygge og gode rammer for andre studentar.