Styrka band og fornya internasjonale avtalar
Tema desse dagane krinsar rundt den internasjonale konferansen om «Advanced materials for clean energy and health applications». Ein serie studiar av bruk av nanoteknologi i framstillinga av rein energi og i bruk til helseføremål vert presentert og diskutert mellom nær to hundre forskarar frå fleire land og verdsdelar, ei rekkje HVL-forskarar mellom desse.
Høgskulen på Vestlandet organiserer konferansen saman med Coimbatore Institute Of Technology og University of Jaffna i Sri Lanka.
Det formaliserte forskingssamarbeidet mellom våre institusjonar strekkjer seg tilbake til 2015. I Coimbatore har me styrka band og fornya avtalar fram mot 2030.
Tilslag på utlysingar frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse gjer samarbeidet mogleg. Satsinga høver godt inn i regjeringas strategi for samarbeidet med India. Opphaldet i Coimbatore har slik gitt oss høve til å diskutera vår vidare satsing med utsendingar frå den norske ambassaden og Innovasjon Norge i New Dehli.