Studentar sitt i sola utanfor campus Sogndal

Ein prat med studentar på barnehagelærar-utdanninga i Sogndal

Barnehagelærar-utdanninga har ikkje tilfredstillande rekruttering ved årets opptak av studentar. Dette gjeld nasjonalt og det gjeld ved Høgskulen på Vestlandet.

Me tilbyr utdanninga i Bergen, på Stord og i Sogndal, og me har både heiltids- og deltidsutdanning.

I høgskulen gjer me alt me kan for å betra rekrutteringa av studentar til barnehagelærar-utdanninga. Veldrivne barnehagar gir grunnlag for gode levevilkår i heile Noreg. Våre kandidatar spelar nøkkelroller i dette både som barnehage-lærarar og som leiarar.

I dag møtte eg fire særs motiverte studentar på barnehagelærar-utdanninga i Sogndal til samtale om dei utfordringane som står føre: Sverre-Christopher B. Kelly (21 år) frå Tyristrand, Fred Rune Breisnes (26) frå Kaupanger, Simon Vaartjes (21) frå Feios, og Simen Hamremoen(26) frå Sandnes.

Det vart ein god prat om verdien av å velja ei utdanning som banar vegen for eit meiningsfullt arbeidsliv, om den viktige koplinga mellom høgskule og praksis i barnehage, og sjølvsagt ogso om korleis ein kan styrka rekrutteringa til utdanninga. HVL sitt mangeårige arbeid for å styrka rekrutteringa av menn til barnehagelærar-utdanninga snakka me ikkje om, men den gode lesaren vil ana at det er eit arbeid som ber frukter.

Takk for praten, gutar!