Y-vegen til bachelor i nautikk

I biblioteket ved Campus Haugesund, Høgskulen på Vestlandet HVL, møtte eg denne veka dei fire matrosane Jonathan August, Tilde, Andreas og Ola. Dei har «tjuvstarta» det nye studieåret.

Dei går alle Y-vegen til bachelor i nautikk og er no i full gang med forkurs i matematikk.

Praksis og lærlingperiodar hjå ulike reiarlag i framkant av studiet ligg til grunn. Tilde Dyrseth er 19 år og har segla med Solstad, Jonathan August Kristoffersen (20) med Norled/Meling og Andreas Bertelsen (20) med Eidesvik. Alle tre er frå Stavanger, medan Ola Kleven (20) er frå Kristiansund og har segla med Kristiansund Taubåtservice.

Nautikk er ei praksisnær leiarutdanning. Y-veg gir høve for dei som har fagbrev som matros eller fiskar til å utdanna seg vidare. Etter utdanninga må ein gjennomføra fartstid som kadett før ein kan søka om dekksoffisersertifikat og ein kan søka seg arbeid som styrmann, og interessant arbeid både til havs og til lands.

Lukka til med studietida, Jonathan, Tilde, Andreas og Ola, og alle andre som satsar på Y-vegen til høgare utdanning!