EU-direktiv står i vegen for å utdanna fleire sjukepleiarar

Eit mange år gamalt EU-direktiv hindrar at simulering og klok bruk av moderne teknologi kan erstatta praksis i sjukepleiutdanninga. Ikkje ein gong mindre deler av praksis kan erstatta klinisk praksis.

Høgskulen på Vestlandet HVL har moderne simuleringsarenaer ved alle campus - i Haugesund, i Sogndal, på Stord, i Førde og i Bergen.

Ingen tenkjer på å fullstendig erstatta praksis i sjukehus eller i kommunal helseteneste med simulering i laboratorium. Men med hjelp av moderne teknologi kan studentane øva på reelle situasjonar om og om og om igjen. Dette kan skje både med og utan rettleiing av røynde profesjonsutøvarar. Samla gir det eit fagleg godt og forsvarleg grunnlag for å erstatta noko av praksisen med simulering.

Den viktigaste grunnen i dag og i tida framover til å gi slik fagleg god simulering praksisverdi, er at mangelen på praksisplassar hindrar eit større volum i utdanninga av sjukepleiarar. Dette er ikkje særmerkt for Høgskulen på Vestlandet, men gjeld fleire universitet og høgskular.

Helsepersonellkommisjonen tek til orde for smartare organisering av det norske samfunnet for at helse- og omsorgstenester skal tåla den demografiske utviklinga. Klokare bruk av teknologi i praktisk arbeid er ein viktig del av løysinga. Då kjem ein ikkje utanom simulering med praksisverdi i norsk sjukepleieutdanning.

Nett no er det fortvilande at EU stoggar Stortinget. Vona må vera at det politiske arbeidet fører fram og at fleire land i EU stiller seg bak ønsket om klok bruk av moderne teknologi.

Artikkelen i Khrono viser heldigvis ei breid politisk semje på Stortinget om at praksisverdig simulering er vegen å gå. Det er krafta, framgangsmåte og tempoet i arbeidet opp mot EU det er usemje i Stortinget om.