Bachelorstudent, tillitsvalt og volleyball på toppnivå

Jobjørn Røkenes Myren (21 år) er i gang med andre året av det 3-årige bachelorstudiet i informasjonsteknologi ved campus Førde. Dette kombinerer han med å vera tillitsvald for studentane og å spela volleyball for Førde og det norske landslaget.

Jobjørn som er frå Ikjefjord på sørsida av Sognefjorden har eit sterkt engasjement for studentmiljøet i Førde.

Kvifor har du dette fine og viktige engasjementet for studentane, Jobjørn?

- For eigen del handla dette om at i Førde ser ein lett at vår eigen innsats betyr mykje for det tilbodet me sjølv får. Det nyttar å engasjera seg. Saman får studentane til fine ting og framleis er det eit stort potensiale for eit endå sterkare studentmiljø i Førde.

I studieåret 2023-2024 sit du i arbeidsutvalet i Studenttinget på Vestlandet. Vart du tillitsvald alt i det første studieåret?

- Nei, eg var ganske stille i byrjinga. Men etter kvart vart eg vald til tillitsvald på instituttet, seinare på campus. Då vaknar eit sterkare engasjement. Eg har sett kor fine ting me kan få til både i helsefag- og teknologi-utdanningane og er veldig oppteken av å utvikla Førde og Vie på beste vis. I sommar har eg hatt sommarjobb på robotikk-labben. So mykje handlar om utvikling av høgskulen for meg.

Korleis arbeider du for å utvikla studentmiljøet?

- Eg passar på å ha ei open dør til kontoret og å vera tilgjengeleg. Det skal vera låg terskel for å ta kontakt. For me treng at campus er ein stad der det skjer mykje. Og Førde er verkeleg ein stad å få ting til både sosialt og fagleg for studentane . Det er tett kontakt mellom studentar og lærarar, og det er også god kontakt med arbeids- og næringsliv.

Fører arbeidet ditt fram?

- Ja, det er god framgang i studentdemokratiet. Dessutan er det stadig nye initiativ og sosiale aktivitetar på gong. Studentorganisasjonane styrkar seg og linjeforeiningar er på gang. Me har fine samlingar på Akutten, men me er også interessert i eit heilt nytt studenthus i Førde.

Let studiar og tillitsverv seg kombinera med volleyball på toppnivå?

- Ja, eg treng å prestera på to arenaer. Når eg er skada eller sjuk og ikkje kan prestera på volleyballbana, er det særleg fint å kunna studera og vera i studentmiljøet. I høve til trening og studiar må ein berre vera disiplinert med tida. I oppkøyring til sesongen trenar eg kvar dag og i sesongen tre til fire intense økter i tillegg til kamp.

Takk for praten, Jobjørn. Du må ha lukka til i all di ferd!