På reis mellom campusane

Hin dagen møtte eg Mathias Havnen Tønnessen på kaien på Leikanger i Sogn. Me skulle begge med båten til Bergen. Eg på veg til Campus Bergen. Mathias på veg til Campus Haugesund. Det vart tid til ein prat.

Mathias er 24 år, kjem frå Hamar, har teke ein bachelor i kroppsøving og idrett i Sogndal. Han har sete i arbeidsutvalet til Studenttinget på Vestlandet.

Kva skal du gjera i Haugesund, Mathias?

- Eg mobiliserer studentane for å ta del i val til studenttinget og til val til dei ulike institutta i høgskulen. Mobilisering trengst på kryss og tvers av campus. For studentengasjementet er det heilt grunnleggjande å vita kor stor påverknadskraft studentane kan ha om ein engasjerer seg.

Kvifor vart du sjølv studenttillitsvald?

- Eg kom inn gjennom idretten, det vil seia Studentspretten som er idrettsorganisasjonen til studentane i Sogndal. Seinare vart eg tillitsvald ved instituttet og fekk også syn for Studenttinget. Eg vart motivert til å sikta mot eit verv i arbeidsutvalet, stilte til val og her sit eg! Det har vore verkeleg interessant og givande heile vegen.

Kvifor valde du Sogndal som studiestad?

- Det var nok litt tilfeldigheiter. Eg hadde høyrt mykje om studieplassen og studielivet. Men eg ønskte også å koma vekk frå der eg var og byrja på nytt. Då kan ein finna seg sjølv på ein annan måte, ikkje vera låst til dei faste venene og det vanlege nettverket. Det var sunt for meg og eg trur mange kan ha godt av det.

Har utdanninga og studiestaden svara til forventingane?

- Eg har storkosa meg med faget idrett og kroppsøving. Det var litt røft under koronarestriksjonane, det var mykje me ikkje fekk gjort slik me ønskte. Men me kom igjennom.

Kva er planen vidare?

- Eg er ferdig med bachelor. Eg vurderer å ta master i idrettsvitskap og praktisk pedagogisk utdanning. Men eg vurderer også å studera økonomi og leiing. Året i arbeidsutvalet i studenttinget er eit pauseår frå studiane, men jammen er det mykje å læra her óg.

Når du arbeider for å byggja studentdemokratiet, kva er dei største utfordringane for studentane i dag?

- Det er for mykje informasjon og for lite informasjon på ein gong. Mange veit ikkje kor mykje tilbod dei har og er heller ikkje er kjend med kor mykje dei kan påverka og forbetra sin eigen kvardag. Det gjeld både studiar og fritid. Folk er litt for redde for å skilja seg ut. Jungeltelegrafen og dei ein heng med, er veldig viktige for kva ein får informasjon om.

No er de midt i eit studentval. Kva er målet?

- Målet er å få ei valdeltaking som slår fjorårets valresultat med god margin. Det er også viktig å nå ut med informasjon slik at studentane sjølve både veit kva dei stemmer på og er medvitne om korleis dei kan påverka.

Kva er det beste ved å vera studenttillitsvald?

- Å vera eit midtpunkt, få med all informasjon og vera godt informert. Eg får veldig godt oversyn.

Kva er det verste ved å vera studenttillitsvald?

- Ein skil seg litt ut og det kan vera mykje som skal forklarast.

Nyttar det å engasjera seg?

- Ja! Engasjement endrar alt. Det gir tilgang til den største formen for vennskap. Engasjement skapar engasjement. Du når so mange fleire og får tilgang til nye folk og moglegheiter.