Bergen seniorkonferanse

Onsdag 18. oktober hadde Høgskulen på Vestlandet gleda av å vera arena for Bergen seniorkonferanse. På Kronstad møttest 120 deltakarar i Mimes brønn.

Varaordførar i Bergen kommune, Eira Vilde Martinsen Garrido, opna det heile. Leiar i Eldrerådet i Bergen, Nils Mæhle, var ordstyrar.

Demens, tannhelse og kvinnehelse stod på dagsorden med innleiingar frå eit knippe sterke fagfolk.

Demens, tannhelse og kvinnehelse - dette er emne som er viktige for kvar einskild av oss, det er emne som er viktige for heile samfunnet si utvikling og berekraft. Den beste kunnskapen må gjerast tilgjengeleg og koma i bruk for den einskilde og samfunnet.

Solgunn E. Knardal si forteljing om arbeid og erfaringar frå Bergen demenskor var eit glitrande døme på korleis dette kan skje.

Hjarteleg til lukka med ein flott seniorkonferanse og viktig arbeid!

HVL er stolt samarbeidspartnar i lag med Bergen kommune og Eldrerådet i Bergen.


Nils Mæhle, Eira Vilde Martinsen Garrido og Gunnar Yttri.