Desembertankar

Det er tid for å kveika lys både ute og inne. Lys gir håp, lys minner om at noko fint står føre.
Hausten kan vera strevsam. Det kan ogso desember vera. Det er studiar og eksamen. Det er arbeidsoppgåver og gjeremål som skal landast på beste vis, medan forventingar og påminningar om julehøgtida ringar inn fullsette dagar.
 
Det er tid for å kveika lys både ute og inne. Lys gir håp, lys minner om at noko fint står føre. I Haugesund, på Stord, i Sogndal, i Førde og i Bergen - alle dei fem campusane ved Høgskulen på Vestlandet vert i desse dagar særleg lyssette.
 
Det er også tid for omtanke for andre. Diktaren Olav H Hauge sa: «Alt kan ein greida seg utan, berre ikkje umtanke».
 
I Høgskulen på Vestlandet HVL, Campus Førde, møtte eg i dag ein fin flokk som arbeider med å setja mot i, gi råd til og leggja til rette for studentane våre nett i desse dagar: Jakob Stein Krokeide Sogndal (sammen.no),
Førde (sammen.no), Florian Andreas Wingens, (HVL) og Ruth Emilie Skjærvik Nygård og Jelle Sebastian Bruin (begge Studenttinget på Vestlandet (stvl.no))
 
Takk for lyset, takk for omtanken!