Appell ved SoFjo Pride 2023

Appell ved heradshuset i Sogndal, 23. september 2023: - Hjarteleg til lukka med dagen! - Det er ei gleda å delta på Prideparade, det er ei æra å få halde appell!

- Pride - å stå opp for grunnleggjande verdiar og like rettar.
- Pride - å ta oppgjer med intoleranse og trakassering og utanforskap.
- Pride – å styrka fellesskap og medvit.

Tre verdiar står sentralt i Høgskulen på Vestlandet, verdiar som byggjer vår identitet, verdiar som gir retning for arbeidet vårt.

Den første verdien er å  inkludera.
Me møter alle med respekt og omtanke. Ved å inkludera verdset me mangfald og fremjar fagleg utvikling, tryggleik og trivsel.

Den andre verdien er å utfordra

Me utfordrar etablerte tankesett og arbeidsmåtar.

Den tredje verdien er å samhandla

Ved å samhandla fremjar me kreativitet, læring, nyskaping og fagleg relevans.

Ved Høgskulen på Vestlandet skal det ikkje førekomma diskriminering av studentar og tilsette basert på kjønn, etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, religion og livssyn, politisk syn, organisasjonstilknyting, seksuell orientering, funksjonsevne, alder og anna.

Difor vil me markera Pride ved alle våre campus: i Førde, i Bergen, i Haugesund, på Stord og her i Sogndal.

Kjære alle saman,

me treng alle å styrka arbeidet med å stå opp for grunnleggjande menneskerettar og demokratiske verdiar.

Ein sentral demokratisk verdi er det opne og frie ordskifte: Retten til å ytra meiningane våre utan å verta møtt med represaliar.

Dette utfordrar kvar og ein av oss. For det er krevjande å vera særs tydeleg med at intoleranse og diskriminering ikkje er akseptabelt, samstundes som me over tid må stå i eit ordskifte der me argumenterer sakleg og skikkeleg ovanfor dei som det er vanskeleg å bere over med meiningane eller åtferda til.

Men argumenta for menneskeverd, likskap og demokrati har ei kraft som ikkje berre gjer det mogleg å stå i vanskelege ordskifte, men som også gir utsikter til å vinna fram, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fleire av oss vil erkjenna at me, meg sjølv inkludert,  dei siste tiåra har gått gjennom ei stor endring i høve til eigne haldningar og åtferd. Det er endringar som har vore mogleg fordi nokre menneske, over tid har stått i og fremja argumenta om menneskeverd og likskap og demokratiske rettar.

Argumenta  har vorte fremja sakleg og skikkeleg uansett kva ein har vorte møtt med av diskriminering og utidig framferd. I dag kan me samlast her fordi nokre menneske  før oss har kjempa og stått i den viktige kampen over tid.

Det har kosta einskilde menneske mykje, det har gjort heile Noreg rikare. For det er eg djupt takksam.

Samhald gjer den veike sterk, skriv Ivar Aasen.

Pride er samhald.

Pride gir krefter til den kraftlause.

Pride gir mot til den motlause.

Pride gir kraft og mot til å forma ei uviss framtid på beste vis.

Hjarteleg til lukka med dagen og i alle dagar som kjem!

På vegne av meg sjølv og Høgskulen på Vestlandet – takk for at eg fekk tala for dykk!