Godt vertskommunemøte på Stord

HVL set stor pris på vertskommunemøta. Møta er borne fram av ei sterk fellesinteresse for å utvikla studiestadane og slik styrka grunnlaget for regional utvikling.
  • Korleis kan busstilbodet mellom Rommetveit og Leirvik styrkast?
  • Kan Høgskulen på Vestlandet, Saman/Sammen Stord/Haugesund, studentforeininga, Stord kommune og andre viktige aktørar i Stord-samfunnet samarbeida om større tilstellingar i Leirvik sentrum i samband med studiestart?
  • Kan høgskulen samordna store tilstellingar som Samtidsdagane med liknande tilstellingar på Stord?
  • Kva tid vert HVL skipa om til Universitetet på Vestlandet og kva tid vert Stord ei universitetsøy?
Dette var mellom spørsmåla som vart diskutert i vertskommunemøtet på Rommetveit, HVL campus Stord, denne veka. Deltakarar på møtet var frå Stord kommune, konstituert rådmann Mariann Jacobsen Hilt, frå studentdemokratiet Khiem Nguyen og Jelle Sebastian Bruin (begge Studenttinget på Vestlandet) og Andrea Grutle (studentcampusrådet), frå studentsamskipnaden Saman, regiondirektør Gro Nesheim, og frå HVL rektor og samfunnskontakt Ingvild Brekke Myhre.
 
HVL set stor pris på vertskommunemøta. Møta er borne fram av ei sterk fellesinteresse for å utvikla studiestadane og slik styrka grunnlaget for regional utvikling.
 
Gode bu- og helsetilbod til studentane er grunnleggjande viktig og Saman driv dette godt framover. Det var oppløftande å høyra i møtet at Stord kommune førebur ei eiga studentmelding. Ikkje minst viktig: studentengasjementet og aktiviteten mellom studentane har styrka seg mykje i studieåret 2022-2023.