Hånd som holder en penn

Kva er status for norsk fagspråk og terminologi?

Om morgonen tysdag 17. januar stiller rektor og toppleiinga ved Høgskulen på Vestlandet og leiar i Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin, på frukostmøtet til Språkrådet og Universitetet i Bergen.
Ei undersøking om norsk fagspråk vert presentert. Skriv dei vitskapeleg tilsette på universitet og høgskular fagtekstar på norsk? Kva vilkår har dei for å gjera dette? Korleis kan universitet og høgskular leggja til rette for at fleire tilsette kan utvikla terminologi på norsk i faget sitt?
 
Dette er viktige spørsmål, ikkje berre for universitet og høgskular, men for Noreg. Universitets- og høgskulelova gir universitet og høgskular ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Norsk fagspråk er i mykje avgjerande for vår innverknad i det norske samfunnet.
 
Eg ser fram til å få meir kunnskap om undersøkinga og å høyra det gode panelet.
 
Margareth Hagen, rektor ved UiB
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Oddmund Hoel statssekretær i Kunnskapsdepartementet
Anine Kierulf leiar i utvalet for akademisk ytringsfridom