Ti inntrykk frå studietur til Aalborg Universitet 24. januar 2023

Aalborg Universitet er ein god stad å vera og å læra for Høgskulen på Vestlandet. Universitetet på Vestlandet er i emning.
  1. Aalborg Universitet (AAU) med rektor Per Michael Johansen, prorektor Anne Marie Kanstrup og universitetsdirektør Søren Lind Christiansen i brodden si engasjerte, rause og kunnskapsrike mottaking av reiselaget frå Høgskulen på Vestlandet.
  2. AAU-modellen for problembasert læring er teken i bruk på alle studieprogram og kviler på følgjande læringssyn: Kunnskap er noko den studerande må tilegna seg aktivt og kan ikkje overførast til passive mottakarar. Læring og konstruksjon av kunnskap vert godt utvikla i samarbeid med andre (dialog, kritikk, gjensidig hjelp). Presentasjon ved professor Thomas Ryberg, professor og leiar av Institute for Advanced Study in PBL.
  3. Det nye bygget «Innovate» (innflytting hausten 2022), i Thomas Manns Vej 25, ope 24/7 for eit spekter av aktørar i regionen, med moderne lærings- og forskingsareal, og eigne garasjar der studentar med idear og opplegg for nye bedrifter og forretningsverksemd, var i full aktivitet.
  4. Det misjonsdrivne universitetet. AAU som fyrtårn på Nordjylland med stor regional og nasjonal innverknad og høg samfunnsverdi, kombinert med sterke internasjonale resultat. Presentasjon ved konstituert innovasjonsdirektør Morten Dahlgaard.
  5. AAU si klimasatsing med talfesta mål om å redusera utslepp innan 2030, og å oppnå klimanøytralitet ikkje seinare enn 2045. Presentasjon ved lektor Søren Løkke, Institutt for planlegging.
  6. AAU si satsing på, ansvar for og medvit om vedlikehald og utvikling av dansk fagspråk.
  7. Aalborg Universitet vart skipa i 1974 som svar på ei regional utfordring der behovet for høgare utdanning og forsking skulle bidra til ny vekst og samfunnsutvikling. Problembasert læring vart utvikla frå første stund.
  8. AAU har i dag fire fakultet som alle bidrog aktivt ved HVL si vitjing: Det Humanistiske og Samfundsvidenskabelige (dekan Rasmus Antoft), Det Sundhedsvidenskabelige (dekan Lars Hvilsted Rasmussen), Det Tekniske Fakultet for IT og Design (dekan Thomas Bak) og Det Ingeniør- og Naturvidenskabelige (dekan Mogens Risholt Poulsen).
  9. I 2023 leverer AAU «Viden for verden», har fleire campus, og nær 21 500 studentar og om lag 2 300 forskarar.
  10. Aalborg Universitet er ein god stad å vera og å læra for Høgskulen på Vestlandet. Universitetet på Vestlandet er i emning.