Førebur bok

Denne gode gjengen er i full verksemd med å planleggja boka som i 2025 skal markera at det er 50 år sidan barnehagelærar-utdanninga i Sogndal vart skipa.

På tampen av arbeidsveka møtte eg dei på Kronstad, i femte etasje på K2.

Eg rakk berre ein kort prat, men det var givande å høyra både om det historiske arbeidet og skarpe perspektiv på den vidare utviklinga av barnehagelærar-utdanning.

Eg gler meg til det vidare arbeidet med og ferdigstillinga av boka der historiske særkjenne ved barnehagelærar-utdanninga i Sogndal vil koma fram.

HVL tilbyr i dag barnehagelærar-utdanning med utgangspunkt i fagmiljø i Bergen, på Stord og i Sogndal. Dei har kvar sine historiske røter. Men kombinasjonen av historisk medvit og samtidige og framtidige ambisjonar er felles.