Blei oppdatert på utviklinga i høgskulen

Det var hyggeleg og gjevande å møta Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd, i solskinet på Kronstad torsdag 9. november.

Eg fekk høve til å syna fram litt av vårt fantastiske anlegg for utdanning og forsking, eit anlegg som rommar over 10 000 studentar og nær 1 100 tilsette.

Monica Mæland er vel kjend med utviklinga av høgskulen frå tida som byrådsleiar i Bergen. I ulike statsrådspostar frå 2013 til 2021 vitja ho i åra frå 2017 ikkje berre Kronstad, men også våre campus både på Stord og i Haugesund.

I dag var det utvikling av samarbeidet mellom Bergen Næringsråd og HVL som sto på dagsorden. Fellesinteressene og sambandslinjene er fleire og sterke. Me fekk særleg drøfta korleis samarbeidet mellom høgskulen og arbeids- og næringslivet om etter- og vidareutdanning kan styrkast.

I siste del av møtet vitja me vår Sim Arena. Liv Irene Ruud og Randi Dale Kloven synte rundt og demonstrerte korleis studentane våre med bruk av simuleringsteknologi får verdifull og mykje øving i eit spekter av ulike praksisnære situasjonar i norsk helsestell.

Det vart ei god stund med innsikt i koplinga mellom bruk av ny teknologi og framgang i praktisk yrkesutøving i sjukepleie, jordmorfaget og i fysioterapi, og inkludert skarpe refleksjonar rundt vår evne til å gjera helseteknologi til butikk. I det heile ei god stund med blanding av alvor og moro.

Takk for inspirerande vitjing!


Randi Dale Kloven (tv), Ragnhild Friis-Ottessen, Lars Peder Vatshelle Bovim, Liv Irene Ruud, Gunnar Yttri, Monica Mæland og nja Margrethe Fjellanger Liljegren.