Feira Studentsamfunnet i Sogndal og Studenthuset Meieriet

Fredag 26. januar markerte ein Studentsamfunnet i Sogndal 50 år og Studenthuset Meieriet 25 år. Feiringa skjedde på Studenthuset Meieriet.

Forfattaren av soga om høgare utdanning i Sogn og Fjordane omtala i 2008 studentlivet som "framsida av medaljen". Og om studentkulturen i Sogndal står det å lesa:

"Heilt frå opninga av lærarskulen hausten 1972 og inn i det nye tusenåret har Sogndal vore ein smeltedigel og eit utstillingsvindauge for moderne norsk ungdomskultur. Dei unge studerande bar med seg tidas straumdrag innanfor politikk, kultur og sosiale omgangsformer. Alt det første studieåret bar bod om kva som skulle koma. Det vesle studentmiljøet starta ei rekkje ulike lag og organisasjonar.

Elevsamfunnet, snart kjent som Studentsamfunnet i Sogndal, vart oppretta på allmannamøtet 3. novem ber 1972 med Øyvind Lægreid som formann. Undergrupper for kor, leikarring, foto, keramikk, teater og skuleavis vart skipa. I tillegg kom eit eige studentidrettslag og det kristne elev- og studentlaget Glimt. I laupet av hausten 1972 og våren 1973 var det politiske debattar, ordskifte ikring livssynsspørsmål, idretts turneringar, dans og konsertar."

For vidare lesnad, sjå Gunnar Yttri, "Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane" (Skald forlag 2008).

Høgskulen på Vestlandet ønskjer hjarteleg til lukke!