Eittårsdagen for krigsutbrotet

Fredag 24. februar er det eitt år sidan dei russiske åtaka på Ukraina tok til. I desse dagar er det mange ulike arrangement knytt til eittårsdagen for krigsutbrotet, nokre med samband til Høgskulen på Vestlandet og våre campus.
Russlands invasjon var og er eit grovt brot på folkeretten. Krigshandlingane med drap og skadeverk må ta slutt! Fleire millionar menneske har vorte tvungne til å flykta.
 
I desse dagar er det mange ulike arrangement knytt til eittårsdagen for krigsutbrotet, nokre med samband til Høgskulen på Vestlandet og våre campus. I morgon torsdag 23. februar spelar den ukrainske pianisten Volodymyr Solianyk lunsjkonsert i Høgskulebygget i Sogndal. Volodymyr og familien kom til Sogndal for snart eit år sidan. Fredag kveld er HVL med og arrangerer ein større solidaritetskonsert i Sogndal Kulturhus.
 
Fredag 24. februar er det frukostmøte i auditorium B i Haugesund med tema: Krigen mot Ukraina - Ett år er gått, hva nå? Her vil førstebibliotekar ved HVL Kåre Johan Mjør, professor i beredskaps- og militærrett og sjøsikkerheit ved HVL Sigmund Simonsen, menneskerettighetsaktivist Ane Tusvik Bonde, og politisk journalist og kommentator i Vårt Land Emil André Erstad delta.
 
Same dag tek eg del på den internasjonale konferansen War against Ukraine - Accountability and Responses. Universitetet i Bergen og Ukrainas ambassade skipar til og mønstrar eit særs sterkt program sett saman av framståande røyster frå diplomati og forsking. Statsminister Jonas Gahr Støre held opningstalen.
 
Mange flyktningar er busette i HVLs vertskommunar; Bergen kommune, Haugesund kommune, Stord kommune, Sunnfjord kommune og Sogndal kommune. Fleire vil koma i tida som kjem. I kraft av våre utdanningar og vår forsking, og med fem moderne campus. vil Høgskulen på Vestlandet heile vegen vera ein ressurs som ønskjer velkommen, som aktivt samarbeider og som står til disposisjon.