Hege Rongevær og Rikke Helena Vaage fra Studenthuset Meieriet med prisen for "årets studentorganisasjon 2023", i regi av Sammen / Saman og Velferdstinget Vest.

Studenthuset Meieriet er årets studentorganisasjon

Hjarteleg til lukka til Studenthuset Meieriet i Sogndal! I kveld vart dette huset og alle studentane som driv det kåra til «Årets studentorganisasjon 2023».

Det var heile 80 (!) nominerte til prisen, nominerte som arbeider for å utvikla studentmiljø og studentliv på ulike studiestadar på Vestlandet.

Studenthuset Meieriet fekk prisen for sitt sterke og omfattande arbeid for studentane over mange år, men særleg under og etter korona-epidemien.
Hege Rongevær og Rikke Helena Våge tok imot prisen på vegne av Studenthuset Meieriet og alle dei gode kreftene som driv og utviklar huset.

Innramma diplom med teksten
Studenthuset Meieriet er tildelt årets studentorganisasjon 2023. 

Hege (24 år) er informasjonsansvarleg ved Studenthuset Meieriet, studerer grunnskulelærar 5-10 og er frå Bergen. Rikke Helena (21) er styremedlem drift i studenthuset, studerer sosialt arbeid og er frå Austevoll. Begge studerer ved Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet.
Prisen vart utdelt i Bergen, der nær 200 studentar frå ulike utdanningsinstitusjonar var samla til Studentlivkonferansen 2023Det Akademiske Kvarter. Føremålet med konferansen er å redusera avstand mellom studentorganisasjonar på Vestlandet og bidra til eit auka aktivitetsnivå. Studentlivkonferansen 2023 har eit ekstra fokus på inkludering og mangfald i studentorganisasjonar.

Arrangørar er Sammen / Saman og Velferdstinget Vest.