Endeleg er studentane tilbake!

Eg gler meg til måndag 14. august og studiestart.

Høgskulen på Vestlandet tek imot fleire tusen studentar. Våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord står klare. Eit stort førebuingsarbeid er lagt ned av tilsette og studentar i høgskulen. Me vil gjera vårt for å gi den beste mottakinga og slik leggja grunnlaget for ein god studietid. Studentsamskipnaden Saman legg til rette for bustad og velferd

Til studiestarten har me invitert fleire gjester for å dela gleda og å leggja det gode grunnlaget. Sentralt mellom gjestene står vertskommunane våre i Bergen, Haugesund, Sogndal, Sunnfjord og Stord, og representantar for det arbeidslivet me utdannar for og der mange av studentane våre har sin praksis.

So har 2023 gitt oss ein sommar med alt for mange ulukker både på veg og sjø. Uveret "Hans" rundar av det heile. Denne helga er unge menneske over heile Noreg på veg til studiestart ved universitet og høgskular. Måtte dei alle koma trygt fram og få nyta godt av ein strålande studiestart!