- Engasjer deg, gi gass, ikkje gi opp!

Ariel Framvik (25 år) og Anna Monika Witkowska (26 år) er i ferd med å fullenda nautikk-utdanninga ved campus Haugesund og har tips til nye og røynde studentar.

Dette kom fram i vår samtale ved min arbeidsdag hin dagen på campus Haugesund. Me møttest til frukost i kantina, i den sokalla Global lounge, utanfor vår læringslab.

Ariel er frå Ballangen. Anna Monika er frå Sandnes.

I desse dagar arbeider dei intenst med å skriva bacheloroppgåve saman og å fullføra nautikk-utdanninga fram mot sommaren.

Fleire månader før fullført utdanning, har dei begge søkt på og vorte tilsett i dei stillingane dei har søkt på i reiarlaget Eidesvik. Ariel har fått kadettplass innanfor subsea og Anna Monika har fåttt kadettplass innanfor forsyningstenester.
 
- Korleis gjekk det til at de so tidleg vart tilsett i desse stillingane?

Anna Monika: Det er sjølvsagt kvalifikasjonar me har skaffa oss i nautikk-utdanninga. Men det at me har vore so sterkt engasjerte i studentlivet på campus var også viktig. Arbeidsgjevar set pris på engasjement.

- Eg ser at de heile vegen i studiane har vore aktive med verv og arbeid både i utval i høgskulen, i linjeforeining og studentpolitikk. Korleis har dette gått i hop?

Ariel: Til tider har det vore veldig travelt, men det har også vore ufatteleg givande. Me har skapt noko for og saman med andre studentar. Haugesund er ein veldig god stad å studera, med eit fint campus og ein fin by. Men det er stadig rom for forbetringar og då trengst det engasjerte studentar. Studentmiljøet er heilt avhengig av at studentane sjølv vil satsa på fellesskap.

- Kva problemstilling utforskar de i bacheloroppgåva? Kva metode brukar de?

Ariel: Arbeidstittelen er «Varslingssystem i rederi med tanke på mobbing og trakassering». Me gjer intervju og analyserer relevante dokument.

- Og arbeidet går lett og greitt?

Anna Monika: Å skriva bachelor-oppgåve er veldig krevjande. Me må kjenna til kunnskapen som er opparbeida frå før, og dessutan må me gjera ei undersøking der me set problemstillinga inn i teoretiske rammer og brukar vitskapleg metode for å finna fram til ny kunnskap.

Ariel: Det er veldig interessant. Eg brenn for at alle skal ha det bra ombord og då er det fint å utforska feltet. Men arbeidssamt er det. Me har innleveringsfrist i mai, men i god tid før dette skal eit utkast leverast til rettleiar.

- Det lakkar og lir mot påskehøgtida. Kva er planane dykkar?

Ariel: Det vert ingen ferie. Eg har både bachelor-oppgåve og eksamensførebuing å ta fatt i.

Anna Monika: Eg må og gjera mykje skulearbeid. Men eg ser fram til nokre skiturar.

Takk for praten, Ariel og Anna Monika.

Ha ei fin påskehøgtid, lukke til med fullføringa av utdanninga og inn i arbeidslivet!