Eit arbeid som spenner over seks tiår

Det vart lunsj og ein kaffikopp i dag saman med den nyslegne pensjonisten Bjarne Gjermundstad fredag 3. november ved campus Sogndal.

Han runda 70 år i oktober og frå 1. november vart han pensjonist. Det var eit fint høve til å takka Bjarne for alt arbeidet han har gjort for studentvelferda i Sogndal, i Sogn og Fjordane, på Vestlandet og i Noreg.

Me talar om eit arbeid som spenner over seks tiår:

1979 - 1988: Dagleg leiar for Velferdssekretariatet i Sogndal.

1988-1994: Administrativ leiar for Studentsamskipnaden i Sogndal.

Han leia også Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane eit par år frå oppstarten i 1994 og gjekk etter dette over i anna stilling same stad. Frå 2017 har han arbeidd vidare med studentvelferd innanfor rammene av Studentsamskipnaden Saman.

Men det vart ikkje mykje mimring i dagens samtale. Tre dagar etter at han vart pensjonist ville Bjarne prata mest om høgare utdanningspolitikk, den vidare utviklinga av høgskulen fram mot Universitetet på Vestlandet, og studentvelferda i tida som kjem.

Takk for praten, Bjarne, og takk for alt ditt gode arbeid!

Lukka til med gode og meiningsfulle dagar som pensjonist!