Takk for vertskommunemøte i Sogndal!

Å samordna krefter saman med vertskommunen gir både styrke og grunn til optimisme.
  • Korleis vidareutvikla studentbygda Sogndal sitt gode omdøme?
  • Er det rom for fleire offentlege ph.d.-stillingar i samarbeidet mellom høgskule og kommune?
  • Korleis få til ein best mogleg studiestart?
  • Korleis samarbeida godt om rus-problematikk?
  • Korleis sikra kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar i kommunen?
Dette var mellom spørsmåla me diskuterte i vertskommunemøte i Sogndal i dag der Høgskulen på Vestlandet møtte Sogndal kommune , Saman Sogndal og Studenttinget på Vestlandet.

Frå Sogndal kommune stilte ordførar Arnstein Menes og kommunalsjef for oppvekst, Kenth-Rune Teigen Måren, frå Studenttinget Ruth Emilie Skjærvik Nygård, frå Saman fagdirektør Vigdis Valeberg Høyheim, og frå HVL rektor og samfunnskontakt Tone Skjerdal.
 
Campus Sogndal har eit sterkt omdøme – sterke og varierte fagmiljø, ein levande studentkultur som rekrutterer nasjonalt og internasjonalt, og moderne høgskulebygg side om side med eit spekter av ulike verksemder – det heile ringa inn av eit rikt og lett tilgjengeleg kultur- og natur-tilbod. Men absolutt ingenting kjem av seg sjølv. Arbeid og ambisjonar har skapt dette, arbeid og ambisjonar må til i det vidare. Særleg i tider der studenttalet i Noreg går ned.
 
Det studentane opplever i det daglege både på høgskulen og i bygda, er bestemmande for kva den einskilde student tek med seg vidare.
 
Student Ruth Emilie formulerte det slik:
«For dei studentane som er i Sogndal er det det som skjer her og no som er viktig, ikkje kva som er planar om i åra som kjem. Det er det skjer i kvardagen som gir bygda eit omdøme å byggja vidare på. Difor må alle, lærarar på høgskulen, dei som leiger ut hus, dei som driv butikk, dei som arbeider i kommunen, alle i bygda som ønskjer ei god utvikling, dei må alle saman vera gode kvar einaste dag.»
 
Å samordna krefter saman med vertskommunen gir både styrke og grunn til optimisme. I dag var det særleg oppløftande å høyra om Saman sine planar for den nye studentbarnehagen og fornyinga av studentheimen. Fine ting vil koma.