
Tillat meg å rapportera frå eit fint og sterkt møte med fem av våre studentar, Høgskulen på Vestlandet HVL, campus Bergen.
Armina Amooktheh (mastergrad, intensiv sjukepleie), Sayeh Nejatiankazemi (bachelor, barnehagelærar), Mona Tahani (master, dramapedagogikk), Sara Saber (bachelor, sjukepleie) og Parviz Sheipori Bonab (vidareutdanning, psykososialt arbeid for barn og unge).
Dei er alle studentar ved høgskulen, har opphav i Iran, men har budd i Noreg i fleire år, og er godt etablerte i Bergen og på Vestlandet. For å seia det mildt; dei er særs aktive i studiar, arbeidsliv og kulturliv.
Vårt tema i dag var dei grove overgrepa styremaktene i Iran set inn mot sitt eige folk. Me snakka om korleis det var å leva i Noreg og å ha røter i Iran. Me snakka om sorga over dei som har mista livet på meiningslaust vis. Me snakka om den djupare uroa som ligg i å ha slekt og vener som stadig står i fare for å verta utsett for brutale overgrep. Me snakka om kva me som einskildmenneske kan gjera, og kva norske universitet og høgskular kan bidra med. Eg fekk opplysningar og påminningar som sette spor, opplysningar og påminningar til hjelp i mitt vidare arbeid.
Brutaliteten i Iran er retta mot iranske kvinner og menn som arbeider for grunnleggjande menneskerettar og retten til å leva fullverdige liv. Namna «Jina» og «Masha» har vorte symbol på iranarane sin kamp mot diktaturet. Slagordet «Kvinner, Liv, Fridom», «Women, Life, Freedom» er spreidd over heile verda.
Den nære bakgrunnen er denne:
16. september døydde 22 år gamle Masha Amini på eit sjukehus i Teheran. Tre dagar tidlegare hadde ho vorte arrestert av det iranske moralpolitiet fordi ho hadde bore hijaben på upassande vis i Teherans gater. Augevitne såg at Masha vart slegen og tvungen inn i ein politibil, ho fall seinare i koma og vart ført til sjukehuset der ho døydde. Masha Amini var frå Saqqez i den iranske provinsen Kurdistan. Mashas kurdiske namn var Jina. Ved gravferda samla folk seg i Saqqez og song «Women, Life, Freedom».
Moralpolitiets brutalitet og Masha Aminis død har utløyst omfattande protestar mot det autoritære regimet, ikkje berre i Saqqez, men i ei rekkje iranske byar. Kvinner går i brodden. Dei ber hijab slik dei sjølv ønskjer og klipper håret kort. Mange unge iranarar tek til gatene. Ved fleire universitet demonstrerer studentar. Det heile skjer med stor risiko. Politi, tryggingspoliti, revolusjonsgarde og den halvmillitære Basij-militsen grip inn med arrestasjonar, fengslingar og valdelege overgrep. Men hendingane og overgrepa vert dokumenterte og spreidde på sosiale medium. Menneskerettsorganisasjonar og BBC News har dokumentert ei rekkje drap, mellom desse mange skulebarn og ungdommar.
Eg møtte i dag fem studentar som er stolte over sin eigen høgskule. Dei gav også ros til lærarar og tilsette i høgskulen som hadde møtt dei med gode ord og støtte i strevsame tider. Det er tider som kjem til å vara ved. Støtte og merksemd trengst i dagane som kjem.
HVL har fleire studentar og tilsette med iransk opphav. På våre campus i Bergen, Sogndal, i Førde, i Haugesund og på Stord har me eit rikt fellesskap av ulikt nasjonalt opphav. Dei skal alle vita at Høgskulen på Vestlandet fordømmer åtaka mot fredelege demonstrasjonar og overgrepa mot frie meiningsytringar i Iran.
Takk for samtalen, Armina, Sayeh, Mona, Sara og Parviz!