
HVL er ein stor og sentral ingeniør- og teknolog-utdannar på Vestlandet med dokumentert innverknad utover eit stort geografisk område. I tider med kunstig intelligens og digitalisering som premissgjevar på alle samfunnsområde, satsar me på informasjons- og kommunikasjonsteknologi i utdanning og forsking. HVL har studieløp frå bachelor til ph.d., og tilbyr også mindre emne. Me opplever ei stor interesse for utdanningane og det regionale arbeidslivet treng til dei grader IKT-kompetanse.
Denne hausten møtte 217 studentar til Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine bachelorutdanningar innan IKT (dataingeniør og informasjonsteknologi) i Bergen, Førde og Haugesund. I alt har me nær 720 studentar aktive på aktuelle bachelor- og masterprogram. Storparten av våre kandidatar finn vegen ut i og skapar arbeids- og næringslivet på heile Vestlandet, andre arbeider andre stader i Noreg eller i utlandet.
Vestlandet kjem i det heile dårleg ut i fordelinga av dei 100 nye studieplassane slik det ligg føre i budsjettframlegget. Universitetet i Bergen får 10, men elles har regjeringa fordelt studieplassane slik: 20 kvar til NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Oslo, 15 kvar til OsloMet og Universitetet i Sørøst-Norge, og 10 kvar til Universitetet i Agder og UiT – Norges arktiske universitet.
Statsråd Oddmund Hoel, eg vonar at dette berre var ein glipp og vert retta opp i det endelege statsbudsjettet.