
Nyttårshelsing 2026
Kjære alle samen i Høgskulen på Vestlandet.
Takk for alt samvær og for alt godt arbeid i året som gjekk. I 2025 lukkast me til dømes med å rekruttera fleire studentar. Og me gjorde tiltak for å styrka og auka forskingsaktiviteten vår. Dette vil me vidareføra. Lat oss i 2026 i det heile utnytta ressursane våre godt og gjera dei tiltak og prioriteringar som skal til for at Høgskulen på Vestlandet utviklar seg godt og tek i vare vårt store samfunnsansvar.
Eit nytt viktig arbeidsår står føre, i Bergen, i Førde, i Haugesund, i Sogndal og på Stord.
Høgskulen på Vestlandet gjekk ved årsskiftet frå 2025 til 2026 inn i sitt tiande arbeidsår.
Ved utgangen av året 2026 er det utsikt til at styret i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), etter å ha gitt vår universitetssøknad ei grundig handsaming, fattar vedtak om at Høgskulen på Vestlandet kan få status som universitet – Universitetet på Vestlandet. Eg vil seia litt meir om dette heilt til slutt.
SYN OSS ÅKEREN DIN EI MORGONSTUND
Lat meg først få nytta høvet til å ønskja velkommen til alle nye medarbeidarar i høgskulen!
Det er mitt sterke ønskje at du som er ny finn deg godt til rette og får utfalda di arbeidskraft i høgskulen vår. Som no også er din høgskule.
Eg oppmodar alle i kollegiet om å ta i mot nye kollegaer og visa fram høgskulen frå si aller beste side slik berre eit godt kollegium kan gjera. Ein god start betyr mykje for den som er ny.
Lat oss gjera som diktaren Olav H. Hauge (1908 – 1994) seier, og ikkje møta dei nye med trugande hand, gøyande hund og åtvaringar, men vis dei heller «åkeren din ei morgonstund».
(Diktet «Syn oss åkeren din» er frå samlinga «Seint rodnar skog i djuvet» (1956) og lyder slik:
Møt ikkje med:
gøyande hund,
hotande hand,
trakk ikkje i rugen!
Men syn oss åkeren din
ei morgonstund! )
Ein god kultur for å inkludera og ta godt imot dei nye er byggjande for den einskilde og for fellesskapen. I løpet av eit år kan det vera tale om over 100 menneske.
Til dømes hadde me nær 90 faste stillingar og over 30 stipendiatstillingar med søknadsfrist i 2025.
Lat oss ta godt i mot alle nye medarbeidarar!
MOT, KLOKSKAP OG VERDIAR I UROLEGE TIDER
I tider som våre er det særleg viktig. Dei siste åra vore prega av internasjonal uro, fleire krigar og humanitære kriser. Dei første dagane av 2026 har dette forverra seg ytterlegare. Ein ny verdsorden der militær og økonomisk makt utfaldar seg, og der demokrati og frie ordskifte er truga, kan synast å vera i emning.
Men lat oss i denne tida vera modige. Lat oss i denne tida vera kloke. Lat oss i denne tida gjera vårt.
Lat oss styrka fellesskapen i Høgskulen på Vestlandet.
Lat verdiane våre få råda.
- Lat oss inkludera og møta alle med respekt og omtanke.
- Lat oss utfordra etablerte tankesett og arbeidsmåtar. Lat oss fremja danning, kritisk tenking og handlekraft.
- Lat oss samhandla og slik utvikla og dela kunnskap og erfaring.
Me må vera medvitne om at utdanning, forsking og innovasjon er avgjerande for at Noreg skal kunna møta dei utfordringane i samtid og framtid, slik som internasjonale spenningar, klima- og miljøutfordringar, demografiske endringar, knappare tilgang på kompetent arbeidskraft, teknologisk utvikling og strammare økonomisk handlingsrom.
I krevjande tider, skal me saman få fine ting til å skje. Alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt. Og eg vil gjera mitt.
Lat oss arbeida for at studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø.
Lat oss sjå til at Høgskulen på Vestlandet er kjenneteikna av ein felles organisasjonskultur der demokrati og medverknad er viktige deler av identitet og styreform. God utvikling av råd og utval, og aktiv bruk og tilrettelegging for tillitsvalde og verneombod, er basis.
Lat oss ta ei aktiv rolle i kompetansebygging, kunnskaps- og teknologiutvikling.
Lat oss sjå til at me gir studentane våre den beste utdanninga der dei utviklar faglege og praktiske dugleikar, kritisk tenking og dømmekraft.
Lat oss halda fast ved at digitaliseringa skal vera klok og underleggja bruken av kunstig intelligens menneskelege behov og menneskeleg styring.
Lat oss driva forskings- og utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet.
Lat oss ta aktivt og modig del i offentlege ordskifte.
Lat oss vera den gode samarbeidsparten for kommunar, fylke og stat, og for småe og store private verksemd.
Lat oss ta ei stadig viktigare rolle på Vestlandet og i Noreg.
Lat oss ikkje gøyma oss vekk i ein nasjonal vestlandsk idyll.
Lat oss driva aktivt og ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid.
Lat oss ta ansvar for å ivareta nasjonal kunnskapsberedskap.
Lat oss ha omsorg for og gjera oss flid med tydeleg og klårt språk.
Lat oss vera flinke til å fortelja om verksemda vår og planane våre, både i og utanfor høgskulen.
NYTTÅRSØNSKE 1: STUDENTAR OG TILSETTE SOM LUKKAST
I norsk samanheng er me ein stor høgskule. I 2025 talde me 16 850 studentar og på årsverktala for tilsette talde 1 832.
Då eg nyleg vart spurt av kunnskapsavisa Khrono kva som var mitt nyttårsønske var det dette:
«Eg ønskjer for det nye året at studentar og tilsette i Høgskulen på Vestlandet lukkast med arbeidet, og får oppleva at strev og innsats gir auka kunnskap, meining og glede. Måtte 2026 verta det beste året til no.» Sitat slutt.
Det er verkeleg viktig at våre studentar og tilsette lukkast.
Det er viktig for kunnskapsutviklinga og vitskapane me arbeider innanfor. Det er viktig for praksis- og arbeidslivet me utdannar til og forskar på.
Det er viktig for einskildmenneske og det er viktig for samfunnet.
NYTTÅRSØNSKE 2: DET ER DU SOM ER FAGMILJØET!
Eg har endå eit ønskje som eg her og no rettar til kvar einskild tilsett i høgskulen.
Det er eit ønskje som både er knytt til den urolege tida me lever i og som byggjer opp under ønsket om at tilsette og studentar skal lukkast.
Ønsket handlar om meir fysisk nærvær av tilsette på campus.
Eg ønskjer i 2026 at alle våre fem campus skal takast meir i bruk og fyllast opp av våre folk, HVL-tilsette, som utfaldar seg åleine og i fellesskap i arbeid.
Me har fem ulike, men særs moderne og velutrusta campus som ruvar i kvar sine deler av Vestlandet.
Men det er bruken av campus som bestemmer verdi og innverknad, det er bruken som bestemmer vidare utvikling.
Laboratorium, store og småe undervisningsrom, bibliotek, kontor, kontorfellesskap, fellesareal, uteareal, og kantiner – verdien av alt dette aukar når det er i bruk og folk er meir fysisk til stade.
Me har ansvaret for utdanning og danning av fleire tusen unge menneske. Det å tilby levande campus med nærverande tilsette og studentar legg det beste grunnlaget.
Me er og skal vera ein liberal og fleksible arbeidsplass med fleksibilitet. Men i det liberale og fleksible, treng me også fellesskap og beredskap. Då er me avhengig av at kvar einskild etter beste evne tek ansvar for arbeidsmiljø, for studiemiljø, for læringsmiljø og for forskingsmiljø. Dette skjer best i fysiske arbeidsfellesskap der me kan sjå folk i augo og der me kan slå av ein prat.
HVL er i sin grunnstruktur avhengig av at me er særs sterke i det digitale og over geografiske avstandar. Men både som høgskule og komande universitet må me i siste del av 2020-talet og inn i det nye tiåret vera gode, og arbeida og samarbeida, både i det fysiske og digitale.
Desse problemstillingane er ikkje nye. For fleire år sidan, før Høgskulen på Vestlandet vart til, møtte eg ein kollega som var lite til stade på arbeidsplassen. Vedkommande grunngav det manglande fysiske nærværet med at det ikkje var noko fagmiljø der.
«Det er du som er fagmiljøet!», sa eg .
Dette var i ei anna tid med mindre og meir sårbare einingar.
Men prinsippet gjeld . Kvar einskild av oss spelar ei rolle i høgskulen med det me gjer. Våre fagmiljø – då meiner eg både vitskaplege og administrative linjer – i fakultet og fellestenester – vert sterkare ved at tilsette, eg og du, i størst mogleg grad er fysisk til stade og er ein aktiv deltakar på campus.
VEND DET ANDRE KINNET TIL
I året 2026 vil universitetssøknaden vår handsamast i NOKUT. Men også kvalitetssystemet vårt er til vurdering i NOKUT. Før universitetssøknaden kan ferdig handsamast, må kvalitetssystemet vera godkjent.
Arbeidsdagane i vinter og vår vert viktige. Ikkje berre einskildmedarbeidarar, men heile organisasjonen må vera særleg skjerpa og oppdaterte.
I høve til kvalitetssystemet kjem dei første signala alt i slutten av januar.
I høve til universitetssøknaden har NOKUT alt etterspurt meir informasjon frå vår side. Den kritiske dialogen held fram. I. april vitjar den sakkunnige komiteen oss.
Me har over tid lagt mykje arbeid og ressursar i det å verta universitet, Universitetet på Vestlandet.
Men kva skjer om me får ei negativ vurdering i NOKUT? Det må me faktisk vera budde på.
Det finst ingen heis eller snarveg til å verta Universitetet på Vestlandet. Me må gå trappa. Trappa har mange trinn.
Men kva skjer om me av dei sakkunnige i NOKUT får oss ein kilevink og med melding om at me ikkje stettar krava?
Då vender me berre det andre kinnet til.
Og so held me kvar dag fram med vårt meiningsfulle og verdifulle arbeid for å utvikla det aller beste av utdanning, forsking og nyskaping i Høgskulen på Vestlandet.
So held me me fram med å gjera visjonen vår til røyndom:
Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.
Universitetet på Vestlandet kjem til å koma når tida inne.
Kjære alle saman i Høgskulen på Vestlandet: Lukka til i arbeidsåret 2026!
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord, 5, januar 2026