I ettermiddag og kveld held Høgskulen på Vestlandet HVL skrivefestival på alle våre campus. Det skjer i Bergen, i Sogndal, i Førde, i Haugesund og det skjer på Stord.
På campus i Sogndal møtte eg studentassistent Per Aslak Myraunet (30) som kunngjorde den glade festilval-bodskapen.

- Kva skjer, Per Aslak?
- Me køyrer skrivefestival og interessa er stor mellom studentane. Ida Lødemel Tvedt held føredrag for alle, og elles er det litt ulike program på ulike campus. Ffestivaldeltakarane får styrka grunnlaget for det faglege arbeidet og den akademiske skrivinga. Dessutan er det noko gratis servering. Biblioteket og skrivesenteret er arrangørar.
 
- Når du ikkje er skriverettleiar og studentassistent ved biblioteket, kva studerer du?
- Eg er inne i mitt siste år ved masterprogrammet i idrettsvitskap. Tidlegare har eg teke bachelor i kroppsøving og årsstudium i samfunnsfag her i Sogndal.
 
- Kva skriv du om i masteroppgåva?
- I masteroppgåva samanliknar eg affektive mål, fysiologiske mål og treningsvolum mellom utrente ved å gjennomføra ei lang og ei kort treningsøkt med same tal seriar. Eg treng forresten fleire deltakarar.
 
- Takk, eg tek hintet. Kva vil du arbeida med etter fullført utdanning?
- Eg har lyst til å arbeida vidare med forsking i høgskulen. Elles verkar læraryrket å vera spanande.
 
Lukka til med skrivefestival og ditt eige oppgåve-arbeid, Per Aslak!