
I helsinga til studentane slår eg om meg med ord som «slay», «low key», «pop off queen», «cutsie» og mykje anna engelsk snadder.
Etter innspelinga (som tok om lag fire og eit halvt minutt) tok me ein liten prat. Aurora er fødd og oppvaksen på Nordnes i Bergen. Ho er utdanna og har arbeidd som konditor, men tek no barnehagelærar-utdanning,
I studieåret 2024-2025 er ho tillitsvald på heiltid i Studenttinget på Vestlandet og har der ansvar for marknadsføring og internasjonal politikk.
Trur du studentane vil lika filmen, Aurora?
- Ja, dette vert fint. Det er viktig å følgja trendane og det er både morosamt og passeleg useriøst. Det er viktig at rektor er litt uhøgtidleg og at ein er å finna på plattformer som TikTok og Instagram. Så kan du heller vera seriøs og dyrka godt språk og fag i andre samanhengar. Dei unge ser, dei unge forstår.
Ok, me får håpa det beste. Du har sjølv valt å satsa på utdanning til barnehagelærar. Kvifor?
- Eg vil ha eit yrke der eg kvar morgon vert møtt med ein klem. Å arbeida i barnehage er å spreia glede og moro, og å leggja grunnlag for dei fine tinga i livet. Difor vil eg ta utdanning og verta pedagogisk leiar i barnehage.
Takk for prat, Aurora. Lukke til med arbeidet ditt!