Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet

Revidert versjon frå oktober 2025.

Dei språkpolitiske retningslinjene for Høgskulen på Vestlandet skal styrke det språklege arbeidet i heile organisasjonen. Språket er den viktigaste arbeidsreiskapen for tilsette og studentar ved HVL. Det er ei sjølvsagt plikt for HVL å leggje til rette for og sjå til at både tilsette og studentar kan uttrykkje seg på eit godt og klart språk både munnleg og skriftleg.

Språkvala og dei språkpolitiske retningslinjene ved HVL skal bidra til å styrkje den språklege tryggleiken for kandidatane som høgskulen uteksaminerer til profesjons- og arbeidslivsretta yrke gjennom bachelor-, master- og doktorgradsprogram, både på den heimlege og den internasjonale arbeidsmarknaden.

Høgskulen skal vere eit språkleg føredøme for norske universitet og høgskular for god og rett bruk av språket; særleg nynorsk, men òg bokmål og norsk teiknspråk. Ei vidare målsetjing er å ha god balanse mellom norsk og engelsk, både i utdanning, forsking og formidling.

Gjennom mange år har norsk fagspråk tapt terreng for engelsk i forsking og høgare utdanning, og presset er størst mot nynorsk. Utfordringane er no møtt med ein tydelegare og meir aktiv statleg politikk. Universiteta og høgskulane sitt ansvar for norsk fagspråk er innskjerpa i den nye UH-lova (2023) og i regjeringa sin handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (Frå ord til handling, 2023). Dette ligg til grunn for HVL sin språkpolitikk.

Eit språkpolitisk utval på leiarnivå, oppnemnt av rektor, har ansvaret for høgskulens språkpolitikk og for tiltak, tilbod og tenester i samband med dette.

1) Overordna språkpolitikk

Nynorsk

Nynorsk er hovudspråket ved HVL. Høgskulen på Vestlandet høyrer til midt i kjerneområdet for det nynorske språket, og som ein sentral institusjon har HVL ei særleg plikt til å støtte opp om, bruke og vidareutvikle språket. HVL skal ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar.

  • Høgskulen på Vestlandet skal ha ein tydeleg nynorsk profil og nytte eit godt og levande nynorsk språk i marknadsføring, profilerings- og rekrutteringsarbeid og på digitale flater. At hovudspråket er nynorsk vil også innebere at sentrale dokument på institusjonsnivå, som strategiplan, årsrapport, utviklingsavtale og retningsliner skal vere på nynorsk. Namn på einingar og skilting i organisasjonen skal vere på nynorsk.
  • HVL skal likevel følgje pålegget i «lov om målbruk i offentleg teneste» («språklova») om at i utforminga av rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l., skal ingen av dei norske målformene vere representerte med mindre enn 25 prosent.
  • Høgskulen har eit særleg ansvar å ta i vare og utvikle eit godt og klart nynorsk fagspråk til bruk i høgare utdanning og forsking i Noreg, med særleg vekt på språket i dei profesjonsog arbeidslivsretta faga og utdanningane.
  • Innanfor desse rammene står studentar og tilsette ved HVL fritt til å nytte den målforma dei sjølve ønskjer i arbeidet sitt for og på høgskulen. Høgskulen skal tilby språkopplæring og språkstøtte til studentar og tilsette for å sikre at brukarar av begge norske skriftspråk har eit godt og klart språk, og høgskulen skal gi opplæring og støtte som sikrar trygge og stødige nynorskbrukarar i alle delar av organisasjonen.

Parallellspråk

  • Parallellspråkbruk skal vere eit berande element i språkstrategien ved HVL.
  • Ei viktig oppgåve for HVL er å sørgje for tilfredsstillande engelskkunnskapar hjå tilsette og studentar, både skriftleg og munnleg. Høgskulen skal vidare styrkje norskkunnskapane, både munnleg og skriftleg for HVL-tilsette med annan språkbakgrunn enn norsk.

Klarspråk

Prinsippet om klarspråk, eit korrekt, klart og mottakartilpassa språk, skal leggjast til grunn for all skriftleg kommunikasjon frå og ved Høgskulen på Vestlandet.

Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk (NTS) er eit minoritetsspråk med offisiell status i Noreg. HVL har ei bachelorutdanning i teiknspråk og tolking, og NTS inngår såleis som eitt av dei prioriterte språka i Høgskulen på Vestlandet, mellom anna ved at studentane kan ta NTS som del av si grunnskulelærarutdanning.

  • Behova for tilsette og studentar som brukar teiknspråk skal imøtekommast slik at dei kan bruke teiknspråk i same grad som norsk i arbeid og studiar ved høgskulen.
  • HVL skal leggje til rette for at internasjonalt tilsette og studentar som har andre teiknspråk enn NTS som sine primærspråk, skal få tilbod om opplæring i NTS.
  • Teiknspråktolkar skal vere tilgjengelege etter behov.

2) Utdanning og undervisning

Norsk, som vil seie nynorsk og bokmål, og norsk teiknspråk skal vere det sentrale undervisningsspråket ved HVL. Det gjeld på alle nivå. Der det høver, kan dansk, svensk og unntaksvis engelsk nyttast i undervisninga (UH-lova, § 2-3).

  • Hovudregelen er at undervisninga ved HVL skal skje på det språket som er kunngjort for det aktuelle kurset i studiekatalogen. Fakulteta er ansvarlege for at dette skjer.
  • HVL har eit særleg ansvar for at studentane ved høgskulen meistrar god norsk fagterminologi på dei fagområda høgskulen gjev undervisning i.

Bachelorutdanningar

  • Undervisninga i bachelorutdanningane ved HVL skal i det alt vesentlege vere på norsk. Bacheloroppgåver skal normalt skrivast på norsk, med eit samandrag på engelsk.
  • Undervisning på engelsk er avgrensa til kurs og program der det er naturlege grunnar til å undervise på engelsk slik som i språkfaget engelsk eller når undervisninga er i kurs innanfor ramma av HVL sitt internasjonale samarbeid.
  • Ved eksamen på bachelornivå skal det til vanleg brukast norsk språk.

Masterutdanningar

  • I masterutdanningane skal det vesentlege av undervisninga skje på norsk, unnateke undervisning i språkfaget engelsk. Fakulteta kan likevel avgjere at nokre kurs eller studieprogram heilt eller delvis skal verte haldne på engelsk.
  • Masteroppgåver skal i hovudsak skrivast på norsk, med eit samandrag på engelsk. Fakulteta kan vedta at masteroppgåver i enkelte fag/kurs kan vere på engelsk. Masteroppgåver på andre språk enn norsk skal ha eit samandrag på norsk.
  • Ved eksamen på masternivå skal det til vanleg brukast norsk språk. Ved kurs der undervisninga går føre seg på engelsk, vil eksamen til vanleg vere på engelsk. I særskilte tilfelle kan det gjerast unntak.

Ph.d.-utdanningar

  • På høgskulens ph.d.-utdanningar er det rimeleg at delar av undervisninga skjer på engelsk. På ph.d.-kurs der det berre er skandinavisk-språklege studentar og lærar(ar), skal undervisningsspråket normalt vere norsk (skandinavisk).
  • Ph.d.-avhandlingar kan skrivast på engelsk eller norsk. Norskspråklege avhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk, og engelskspråklege eit samandrag på norsk. I avhandlingar der datamaterialet er innhenta frå grupper eller i kontekstar med eit anna språk enn norsk eller engelsk, skal kandidaten oppmodast om å ha med eit samandrag på det relevante språket. Det gjeld særleg om språket er minorisert i forskingskonteksten.

3) Forsking og vitskapleg publisering

  • Høgskulen skal fremje norsk som fullverdig vitskapleg publiseringsspråk.
  • Publikasjonar som vert utgjevne ved HVL på ikkje-skandinaviske språk skal så langt råd er, ha eit samandrag på norsk.
  • Høgskulen skal drive aktiv opplæring i skriving av vitskaplege fagartiklar, både på norsk og engelsk, og gi språkleg støtte til tilsette i arbeidet med publisering og formidling på engelsk, norsk og NTS.

Samfunnsoppdraget

  • Eit viktig samfunnsoppdrag for HVL, er å halde ved like og utvikle den norske,
    og særleg den nynorske fagterminologien innanfor profesjons- og arbeidslivsretta fagfelt.
  • HVL-tilsette skal oppmuntrast til å arbeide med å vidareutvikle norsk terminologi
    innanfor sine fagfelt, og å kommunisere denne til studentane og til ålmenta.
    Forskarar skal òg oppmuntrast til å omsetje utanlandske verk/arbeid og faglitteratur til norsk.
  • Høgskulen skal oppfylle samfunnsoppdraget om å spreie og formidle forskingsresultat ved å stimulere til presentasjon av relevant forskingsbasert kunnskap på norsk gjennom ulike kommunikasjonskanalar. Høgskulen har, jf. fusjonsavtalen, eit spesielt ansvar for aktiv forskings- og kunnskapsbasert formidling overfor samarbeidspartar og ålmenta på Vestlandet.

4) Administrative forhold

Det teknisk-administrative personalet ved HVL har ei sentral rolle i å oppretthalde nynorsk som hovudspråk ved høgskulen, i tillegg til å sikre at informasjon er tilgjengeleg på engelsk for tilsette og studentar som enno ikkje meistrar norsk.

  • Ved tilsetjing i administrative stillingar skal det leggjast vekt på kunnskapar og ferdigheiter i norsk (både nynorsk og bokmål) og engelsk. Høgskulen skal tilby opplæring i nynorsk til tilsette, særleg tilsette som ikkje har dokumentert kompetanse i nynorsk på tilsettingstidspunktet.
  • Ved innkjøp og fornying av ulike typar IKT-verktøy og -program og andre sentrale tenester til bruk i forsking, undervisning eller administrasjon skal HVL stille språklege krav til leverandørane med basis i at hovudspråket ved høgskulen er nynorsk. Nynorsk skal vere førstevalet i innstillingar og tekniske løysingar i læringsplattformar og søkjemotorar. HVL skal bidra til å styrke nynorskens posisjon i utviklinga av KI-verkty, o.a.
  • Sentrale dokument ved høgskulen skal også liggje føre på engelsk. HVL-nettsidene, brosjyrar og tilsvarande, skal innehalde lett tilgjengeleg informasjon på norsk teiknspråk og engelsk.
  • Fakultet, institutt, læringssenter o.l. ved HVL skal også namnsetjast på engelsk. Dei viktigaste skilta skal ha tekst både på nynorsk og engelsk.

5) Språkkompetanse og opplæring

  • Høgskulen skal tilby språkopplæring og språkstøtte til studentar og tilsette for å sikre at brukarar av begge norske skriftspråk har eit godt og klart språk, og høgskulen skal gi opplæring og støtte som sikrar trygge og stødige nynorskbrukarar i alle delar av organisasjonen. Dette tilbodet skal femne både første- og andrespråksbrukarar av norsk.
  • Studentar med andre førstespråk enn norsk, og som har fått opptak etter B2-kravet ved ordinært studentopptak, skal få tilbod om språk- og skrivestøtte i utdanningsløpet. Studentar i denne gruppa skal kunne søkje om utvida eksamenstid ved skriftleg eksamen.
  • Utanlandsk tilsette i faste vitskaplege stillingar skal kunne utføre arbeidet sitt på norsk etter nokre år i stillingane, og skal dokumentere nivå B2 i skriftlege og munnlege ferdigheiter etter tre års tilsetting (jf. UH-lova, §3 Kvalifikasjonskrav for undervisnings- og forskningsstilinger).
  • Nivå B2 skal dokumenterast gjennom Norskprøven til HK-dir. Den tilsette skal dokumentere nivå B2 i anten nynorsk eller bokmål. Opplæringstilbodet for utanlandske tilsette ved HVL skal gi ei innføring i begge skriftspråk.
  • Tilsette i tekniske og administrative stillingar skal kunne utføre arbeidet sitt på norsk etter nokre år i stillingane. Høgskulen skal tilby opplæring i nynorsk til administrativt tilsette som ikkje har dokumentert kompetanse i nynorsk på tilsettingstidspunktet.
  • HVL skal tilby utanlandske stipendiatar ved høgskulen gode, gratis og tilpassa norskkurs.
  • Teiknspråklege utanlandske tilsette og studentar skal få tilbod om opplæring i norsk teiknspråk (NTS).
  • Høgskulen skal tilby kurs i akademisk engelsk til alle grupper tilsette. Studentane skal også få tilbod om å delta på nokre av engelskkursa. For studium og kurs der det vert undervist på engelsk, vert det kravd eit visst minimum av engelske språkferdigheiter frå studentane. Fakulteta skal definere kva for minimumskrav som vert stilt til språkferdigheiter i engelsk for utvekslingsstudentar.
  • Fagmiljøa skal syte for at språkleg og terminologisk kompetanse vert ein del av læringsutbytet i studia.
  • Innvekslingsstudentar frå ikkje-nordiske land skal få tilbod om innføringskurs i norsk språk, kultur og samfunnskunnskap.