Universitetet på Vestlandet
Universitetet på Vestlandet tar med seg det beste frå høgskule-tradisjonen.
Universitet på Vestlandet vil utvikla og ta med seg det beste frå høgskuletradisjonen – i Bergen, i Førde, i Haugesund, i Sogndal og på Stord.
Vi skal vere tett på samfunns- og arbeidsliv og bli eit engasjert og inkluderande universitet som legg vekt på det praksisnære og på anvendt forsking. Vi vil tilby utdanning, forsking og formidling av kunnskap for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.
Vår overgang til eit fullverdig universitet vil styrkje Vestlandet som region. Dette oppnår vi gjennom å utdanne endå meir kompetente studentar, og ved å utføre forsking som er tett knytt til samfunns- og arbeidslivet.
For å nå dette målet har vi dei siste åra bygd sterke fagmiljø med samansett kompetanseprofil. Vi har skapt god samanheng mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har jobba med å styrke alle dei fem studiestadane.
Sentrale datoar
September 2025 - april 2026: Søknaden vert behandla av NOKUTs sakkyndig komite.
April 2026: Institusjonsbesøk på eitt eller fleire campus.
Tidleg haust 2026: HVL mottek rapporten med dei sakkunnige sine tilrådingar for faktasjekk og kommentar.
Før nyttår 2026: Vedtak i NOKUT-styret.
Til slutt: Vedtak av Kongen i Statsråd.