Søknadsprosess: Korleis ligg HVL an til å bli universitet?

Korleis ligg HVL an til å bli universitet?

Dei 13 krava for å bli universitet omfattar alle delar av verksemda. Nokre av krava har vi allereie oppfylt som høgskule, og vi er på god veg til å oppfylle dei som står att.

Målet er å sende søknaden i slutten av 2023 eller første halvdel av 2024. Under er dei tre viktigaste områda vi må fortsatt jobbe ekstra med for å sikre oss at vi oppfyller alle krava og når målet om å bli universitet. Alle desse er område vi uansett må jobbe med som høgskule, for å bli betre og for å møte krav og forventningar frå styresmakter, samfunns- og arbeidsliv og studentar.

Fagmiljø

Som profesjons- og arbeidslivsretta universitet må dei tilsette ha ein variert og samansatt kompetansprofil for å gi studentane eit godt og relevant fagmiljø. HVL må fortsatt ha ein litt høgare del med førstekompetanse og professor-/dosentkompetanse enn i dag. Det må skje både gjennom intern kompetanseheving og gjennom nyrekruttering.

Per juni 2023 er delen faglege tilsette med førstekompetanse ca. 60 prosent, noko som bør auke litt til vi leverer søknaden. Målet er å nå 65 prosent innan 2025, men heller ikkje meir. Delen fagleg tilsette med toppkompetanse bør også gå noko opp.

Vi skal òg sørge for å vareta og rekruttere med tanke på praktisk arbeidserfaring og høg pedagogisk og digital kompetanse. Alle desse kompetansetypane treng vi for at fagmiljøa skal dekke behova i våre studieprogram, og for å styrke vår arbeidslivsretta profil som universitet.

Stabil forskarutdanning

Dei fire doktorgradsprogramma ved HVL er nokså unge, men det kvantitative kravet til opptak blei oppfylt på alle fire program allereie i 2021.
Det er kravet om 15 ferdige kandidatar på to av doktorgradsprogramma som avgjer når vi kan sende universitetssøknaden. I slutten av 2023 eller første halvdel av 2024 reknar vi med å ha oppfylt dette kravet til gjennomstrøyming.

Høg internasjonal kvalitet

For å vere mest mogleg sikre på å nå kravet om høg internasjonal kvalitet, må vi halde fram med å jobbe med publisering, eksternfinansierte forskings- og utdanningsprosjekt og internasjonalt samarbeid.

Her skjer det allereie mykje positivt ute i fagmiljøa, og det er berre å vidareføre og styrke dei gode initiativa og trendane som vi allereie ser. Publiseringstala er på veg opp, og HVL lukkast betre og betre med finansiering frå Forskingsrådet og EU. Å nå opp i den harde konkurransen om EU-midlar er ein særs viktig indikator når kvaliteten på utdanninga og forskinga vår skal vurderast av NOKUT sine fagkomitear. Forskingsråds- og EU-prosjekt gir også som regel verdifulle internasjonale nettverk og auka vitsksapleg publisering.