Campusråd

HVL har fem campusråd – eitt for kvar campus

Mandat for campusråda

  • Campusrådet skal vere rådgjevande ovanfor strategisk leiing i saker som støttar målet om levande campus.
  • Campusrådet skal ha eit særskilt fokus på behov innan utdanning, forsking og formidling relevant for den aktuelle campusen/nærregionen.

Deriblant:

  • ha merksemd på og samordne initiativ som gir kraft til campus
  • gi råd knytt til profilering av campus
  • bidra til å bygge ein felles kultur for den nye institusjonen
  • arbeidsmiljø for studentane og dei tilsette

Campusrådet skal ha minst to møter per semester, og ev. flere ved behov.

Arbeidsområdet til campusrådene er retta mot det interne livet på campus og har ikkje eit eksternt fokus.

Saker til campusrådet kan meldast til representant frå eiga avdeling/eining/fakultet. Du kan òg ta kontakt med sekretær for campusrådet.

Samansetting av medlemmer

  • Prorektor for nærregion (leiar)
  • Ein representant for kvart fakultet som er representert ved campus
  • To representantar frå studentane (leiar for studentrådet på campus og representant for nærregionen i AU i Studenttinget.
  • Representant frå organisasjonsdirektøren sin linje representert ved campus
  • Representant frå Saman
  • Representant frå drift og areal representert ved campus
  • Representant for bibliotek og formidling
  • Representant for læringsmiljøkontakt
  • Representant lokalt verneombod frå campus
  • Prosjektrådgjevar samfunn og samarbeid, prorektor sin kontakt i nærregion (sekretær)